Vil du vera med å skapa ein god barnehagedag for barna våre?
- Arbeidsgiver
- Tysnes kommune
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Frist
- 07.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
I Tysnesbarnehagane har me ledig ei fast 100 % stilling som pedagogisk leiar i Stjernereiso barnehage og ei mellombels 100 % stilling i Onarheim barnehage som barnehagelærar for 2024.
Me søkjer deg som er leiken, oppteken av den gode relasjonen til barna og som vil jobba for eit trygt og godt barnehagemiljø. Våre barn treng omsorgsfulle vaksne som vågar å bli glad i dei og som vågar å la barna sine interessar koma fyrst.
Tysnes kommune har tilsaman fire barnehagar, Stjernereiso, Lunde, Vågsmarka og Onarheim barnehage. Me samarbeidar godt på tvers av barnehagane og er opptekne av at barnehagen er barna sin arena. Her får dei får leike, lære, oppleve meistre, møte tilsette som er gode på samspel og får vere ein del av eit fellesskap.
Som pedagogisk leiar og barnehagelærar hos oss, vil du få ansvar for pedagogisk aktivitet på avdeling, rettleiing og foreldresamarbeid i lag med resten av teamet på avdelinga, samt dei andre teama i barnehagen. Du vil bli ein del av eit kollegium som har høgt fokus på kvalitet og er oppteken av at tilbodet skal vera til det beste for barna.
Dersom tiletjing av interne kandidatar til stilling som pedagogisk leiar, kan det bli ledig stilling som barnehagelærar.
Kva går stillinga ut på?
- Bidra til å skape eit trygt og godt læringsmiljø for enkeltbarn og barnegruppa.
- Delta aktivt i leik og aktivitetar med barn.
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere og vurdere pedagogisk arbeid i barnegruppa.
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til kunnskapsdeling med kollegaer.
- Initiere og oppretthalde ett godt samarbeid med foreldre, kollegaer og leiar.
- Rettleie kollegaer slik at de saman kan skape eit godt leike og læringsmiljø.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar.
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage.
- Meistre relevant dataverktøy.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Den som vert tilsett må levere gyldig politiattest, jf. barnehageloven § 30.
Kva ser me etter hos deg?
Me ønskjer oss at du:
- evnar å ta barneperspektivet, legg til rette for og deltek i barn sin leik og utvikling
- er involvert, verdset kunnskap og er reflektert
- er nysgjerrig, ser moglegheiter og finn gode løysingar.
- har evne til å motivere og inspirere sine kollegaer.
- likar å vere ute, leika og være på tur med barn.
- er positiv, engasjert og har gode samarbeidsevner.
- at du kan setje retning og gjere det som er naudsynt for å skapa den endringa som trengs.
Kvifor skal du velje oss?
Høyres det gjevande ut å arbeida på ein plass med eit inspirerande og viktig samfunnsmandat? Kan du kjenna deg igjen i ordtaket vårt om: Glade vaksne, glade barn? Då trur me du vil trivas hos oss! Hos oss får du varierte arbeidsdagar, eit stort fagmiljø, høve til å vera med å utvikla barnehagen og tilbodet til barna.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår.
Dersom du synes dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Wenche Fagerbakk, Einingsleiar barnehage, +47 957 48 374Arbeidsstad
Rådhuset5685 UGGDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommuneReferansenr.: 4727083564
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 07.12.2023
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Rådhuset, 5685 Uggdal
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 329417387
- Sist endret
- 20. nov. 2023 10:05