Lærar 100% vikariat – Ågotnes skule
- Arbeidsgiver
- à  ygarden kommune à  gotnes skule
- Frist
- 04.12.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. Ågotnes-området har tilflytting av folk og elevtalet er stabilt/svakt aukande. Skulen stod ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Fram til skuleåret 2010/2011 var skulen ein kombinert barne- og ungdomsskule, men er i dag ein rein barneskule.
Visjonen vår: «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen har eit inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule og tek del i programmet «Barneskulen som samfunnsbyggar»
Arbeidsoppgåver:Spesialundervisning og oppfølging av elevar med særskilte behov
Timeundervisning på 1.-4. trinn.
Bidra til eit lærande fellesskap med elevane og med personalet.
Må ha:
Utdanning som er godkjend for undervisning på 1.-7. trinn
- Gode digitale ferdigheiter
God framstillingsevne munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
Formell spesialpedagogisk kompetanse
At ein har erfaring frå spesialpedagogisk undervisning i skulen
At ein har kompetanse i eitt eller fleire undervisningsfag på barnetrinnet
Personlege eigenskapar:
Du er ein god og tydeleg klasseleiar.
Du er engasjert i korleis ein kan skape eit god læringsmiljø, der både elevar og kollegaer lærer og utviklar seg.
Du er positiv og samstundes lojal mot felles avgjersler.
Anna: Ledig frå 29.01.2024 og ut skuleåret 2023-2024.
Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55097804 eller 47235162
Magne Abelsen
Avdelingsleiar Ågotnes skule
Telefon: 55097803 eller 41206160
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- à  ygarden rà ¥dhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 329415282
- Sist endret
- 20. nov. 2023 11:50