Miljøterapeut
- Arbeidsgiver
- Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Frist
- 03.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønskjer du å bli vår nye kollega?
Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidelsar.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.
Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar. Sengeposten er eit tilbod for heile Møre og Romsdal fylke.
Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi har ei familieleiligheit som kan nyttast når foreldre/pårørande bør vere med.
Vi tar imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Avdelinga vår behandlar pasientar med ulike diagnoser, og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling.
Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten.
I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Sengeposten i Ålesund har ledig:
- 100% fast stilling som miljøterapeut f.t. turnus på dag/kveld
- 50% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar f.t. turnus på dag/kveld
- 66% fast stilling som miljøterapeut f.t. turnus på natt
- Vi har også ledig fast helgeavtale med arbeid kvar tredje helg
Oppstart 5 februar eller etter avtale med seksjonsleiar
Stillingane medfører arbeid i turnus og f.t arbeid kvar tredje helg. Ved eventuell intern rokering kan anna stillingsprosent bli ledig.
Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og omland, sjå https://www.visitalesund.com/
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Delta i mini-team og følgje opp avtalt behandlingsopplegg for pasient
- Mottak og utskriving av pasientar
- Samhandling med andre seksjonar og samarbeidsinstansar
- Medvirke til fagutvikling
- Praktiske oppgåver i seksjonen
Kvalifikasjonar
- For stillingane som miljøterapeut må ein ha utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Sjukepleier kan søke og bli vurdert.
- For stilling som sjukepleiar/vernepleiar må ein ha autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- For fast helgeavtale må ein ha bachelor innen helse, sosial, psykologi eller pedagogikk, eller vere student innan desse retningane, helsefagarbeider eller barne- og ungdomsarbeider.
- Ønskeleg med relevant erfaring frå miljøterapeutisk arbeid og gjerne innan barne- og ungdomspsykiatrien
- Må mestere norsk, skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å jobbe i tett samarbeid med både kollegaer, pasientar og pårørande, samtidig som du kan vere sjølvstendig
- Du er roleg og empatisk.
- Du har arbeidshelse til å handtere ein tidvis hektisk kvardag.
- Du er oppteken av frivilligheit og brukermedverknad
- Du må vere personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, 70106700, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.noArbeidsstad
Geilebergvegen 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4733193202
Stillingsprosent: 100, 50, 66%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2023
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 329411451
- Sist endret
- 20. nov. 2023 09:20