Inaktiv

Avdelingsleiar legekontor

Arbeidsgiver
Lom Kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar legekontor
Frist
30.11.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stillinga er operativ i den forstand at leiar deltek i helsepersonellet sine daglege driftsoppgåver.


Lom kommune er organisert etter prinsipp for to-nivå modell. Tenesteleiar helse og omsorg (HV) er delegert ansvaret for økonomi, personal og fag i alle avdelingane i tenesteområdet. Leiar for legetenesta vil ha delegert oppfølgingsansvar for økonomi, personal og fag ved Lom legekontor og rapporterar til tenesteleiar helse og omsorg.


Arbeidsoppgåver


  • Oppfølgingsansvar for administrativ drift av legekontoret.
  • Personalansvar for alle faste tilsette og vikarar ved legekontoret, leger og helsepersonell.
  • Fagleg ansvarleg for tenesta som utøvast av helsepersonellet. Alle legane har sjølvstendig ansvar for si medisinske verksemd.
  • Bindeledd mellom legar og helsepersonell.
  • Pasientadministrasjon på telefon, digitale plattformer og fagsystem.
  • Pasienthandtering.
  • Laboratoriearbeid/prøvetaking.
  • Skiftestuearbeid
  • Deltaking i avdelingsmøte helse og omsorg, legemøte og internundervisning.

Kvalifikasjonar


  • Utdanning som sjukepleiar
  • Relevant klinisk praksis/erfaring.
  • Ønskjeleg med leiarerfaring og evt.leiarutdanning.
  • Erfaring med bruk av IT i dagleg verksemd.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk.

Personlege eigenskapar


  • Evne til å samarbeide, inspirere og motivere.
  • Kommuniserer godt med både pasientar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Har ei positiv og løysningsorientert haldning.
  • Forståing for samspel mellom politikk, administrasjon og tenesteyting.

Leiar for legetenesta må vere positiv, resultat- og utviklingsorientert og framstå som løysingsorientert, offensiv og inkluderande i det daglege.


Vi kan tilby


  • Ei spanande stilling med varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Fleksibel arbeidstid

Personlege eigenskapar blir vektlagt.




Søknadsfrist: 30.11.23.


Høyrest dette spennande ut?


Ynskjer du meir opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med tenesteleiar helse og omsorg, Tonje B. Eggen tlf. 916 86 342


  • Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
  • Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg.
  • Krav om godkjend politiattest av nyare dato.

Velkomen til oss!

Sektor
Offentlig
Sted
Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
329409672
Sist endret
20. nov. 2023 11:20