Ledig inntil 100% fast og vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar ved Bremanger sjukeheim

Arbeidsgiver
Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
Stillingstittel
Ledig inntil 100% fast og vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar ved Bremanger sjukeheim
Frist
10.12.2023

Beskrivelse

Ledig inntil 100% fast og vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar i Bremanger kommune, for tida på Bremanger sjukeheim frå 20.03.2023.

Er du sjukepleiar eller vernepleiar, og ønskjer deg fast stilling eller vikariat med gode kollegaer og spennande oppgåver?

Kvardagen hos oss er variert, der du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar. Den eine avdelinga er spesielt tilrettelagt for demente, og ein har og eit lindrande rom.
Vi arbeider i for tida i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si.



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåve hos pasientane
  • Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjelder alder og medisinske behov
  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskjer
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Moglegheit for å delta i ressursgruppe
  • Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m.

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Nyutdanna oppfordrast til å søkje, og opplæring vil bli gjeve
  • Må ha førarkort for personbil (B)
  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.
For oss er det viktig at du trivast med menneskje, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Personleg eigenskap vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
  • Rekrutteringstiltak med høgare løn enn tariffløn opp til 10 års ansiennitet

 

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Evy Janne Berle, Driftssjef, 95982944

Arbeidsstad

Gamlevegen 59

6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4593752927

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 20.03.2023

Søknadsfrist: 10.12.2023


Sted
Gamlevegen 59, 6729 Kalvåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
329408062
Sist endret
20. nov. 2023 08:51