Er du vår nye avdelingsleiar reinhald?
- Arbeidsgiver
- Lom Kommune
- Stillingstittel
- Avdelingsleder
- Frist
- 10.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Eigedomsavdelinga i Lom kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for reinhaldstenesta. Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald av Lom kommune sine eigedommar.
Avdelingsleiar har ansvaret for å leie reinhaldsteamet, og vil ha ei sentral rolle i å utvikle ei framtidsretta teneste som støttar brukarene.
Ansvarsområde:
- Leiing av reinhaldsteamet
- Rasjonell drift av reinhaldstenesta
- Deltaking i dagleg og periodisk reinhald
- Utvikle ei framtidsretta reinhaldsteneste.
- Vere pådrivar med ny teknologi, digitale løysingar og metodar
- Delegert oppfølgingsansvar for økonomi, fag og personal.
Du må rekne med at ansvarsområdet og arbeidsoppgåvene vil endre seg med utviklinga av tenesteområdet.
Det er ynskjeleg at du har ei utdanning og erfaring som er relevant for oppgåvene. Som til dømes
- Fagbrev som reinhaldsoperatør.
- Kjennskap til NS-INSTA 800 og behovsstyrt reinhald
- Du må ha gode leiareigenskapar
- Du bør ha kunnskap og ambisjonar for korleis ein kan bruke digitale verktøy til å lage moderne tenester og forenkle arbeidsprosessar
- Vi vil legge stor vekt på personleg eignaheit
Som tilsett i eigedomsavdelinga må ein ha førarkort, minimum klasse B, beherske norsk språk munnleg og skriftleg og ha ei serviceinnstilt haldning.
Høyrest dette spennande ut?
Send inn ein elektronisk søknad seinast 10.desember 2023.
Nærare opplysningar om stillinga får du av tenesteleiar kommunale eigedom Erik Lindseth på telefon 470 24 500 eller på epost erik.lindseth@lom.kommune.no
- Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
- Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Renhold
- FINN-kode
- 329408054
- Sist endret
- 20. nov. 2023 10:50