100% fast stilling som vernepleiar

Arbeidsgiver
f.t. ved tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne avd. Hamretunet i O...
Stillingstittel
Vernepleiar
Frist
10.12.2023

Beskrivelse

I Bremanger kommune, for tida ved tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne avd. Hamretunet i Open omsorg indre, er det ledig ei 100% fast stilling som vernepleiar, frå snarast.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter deg som er utdanna vernepleiar eller har anna høgskuleutdanning innan helse og sosialfag på bachelor nivå.

Vi arbeider for tida i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si. Turnusen er tredelt, og vi kan tilby langvakter.

Kvalifikasjonar

  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Arbeidet inneheld også å rettleie, hjelpe til i pleie – og til ivareta dei daglege funksjonane til brukarane. Sidan miljøarbeid er ein viktig del av arbeidet, er det viktig at du likar å vere aktiv og engasjerar deg i arbeidet med brukarane.
Serviceinnstilling og personleg egnaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • I påska 2022 flytta brukarane og dei tilsette inn i heilt nye lokaler
  • God pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling 
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

 

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Linda Førde, Driftssjef Open omsorg indre, 48242382

Arbeidsstad

Svelgen Panorama 1

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4724548949

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.12.2023


Sted
Svelgen Panorama 1, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
329408043
Sist endret
20. nov. 2023 08:50