Driftsoperatør Austevoll vidaregåande skule
- Arbeidsgiver
- ORO - Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Driftsoperatør
- Frist
- 24.11.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vestland fylkeskommune(VLFK) har ansvar for å utvikle Vestlandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 380 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig ny fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Austevoll vidaregåande skule. Driftsoperatør vil rapportere til områdeleiar. Den som vert tilsett får opplæring i drift og vedlikehald av dei tekniske anlegga ved Austevoll vidaregåande skule.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg.- Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt.
- Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen.
- Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga.
- Andre oppgåver knytt til drifta.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev fortrinnsvis som røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller anna relevant erfaring innan bygningsdrift.
- Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg.
- Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø.
- Praktisk yrkeserfaring er ynskjeleg men nyutdanna med fagbrev kan også søkje.
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.- Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen.
- God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy.
Vi tilbyr
- Spanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for faglig utvikling
- Gode pensjonsordningar.
- Løn etter avtale
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste
Kontaktinformasjon
Steinar Lexander, Områdeleiar, 93216567, steinar.ove.lexander@vlfk.noArbeidsstad
Sauganeset 185392 Storebø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4724103760
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2023
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sauganeset 18, 5392 Storebø
- Stillingsfunksjon
- Driftsoperatør/vaktmester, Teknisk personell, Ingeniør
- FINN-kode
- 329403090
- Sist endret
- 20. nov. 2023 08:05