Inaktiv

Undervisningsstilling frå 1.3.24

Arbeidsgiver
Voss herad Gjernes skule
Stillingstittel
Grunnskulelærar Gjernes skule
Frist
05.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me treng ein lærar med på laget vårt: 100% fast undervisningsstilling ved Gjernes skule frå 1.3.2024

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, kontaktlærarfunksjon.

Kvalifikasjonar:

  •  Grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10.

  • Andre relevante kvalifikasjonar kan vurderast.

Me ynskjer:

  • Lærar som trivst i klasserommet med elevar og eit inkluderande fellesskap.
  • Lærar som vil vere med oss i det kollektive arbeidet med å drive ein skule prega av tryggleik og læring med tydelege rammer.
  • Læarar som vil ta vere med på å dele erfaringar og kompetanse med kollegaer.
  • Lærar som vil bidra med seg sjølv inn i eit raust miljø, med varme og godt humør.

Gjernes skule er ein god plass å vere, for elevar og tilsette!

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Gjernesmoen 8, 5700 Voss
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
329403089
Sist endret
20. nov. 2023 08:05