Miljørettleiar og fagarbeidarar
- Arbeidsgiver
- Sogndal kommune Kvåle skule
- Frist
- 03.12.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Me søkjer etter miljørettleiar ved Kvåle skule ut skuleåret 2023/24. Stillingsstorleik kan vere frå 50 % og oppover. Kontaktlærar har det faglege ansvaret, og miljørettleiarane vil samarbeida med kontaktlærar /medlærar og føresette om opplæringstilbodet til elevar og klassar. Om du tenkjer at du kan vera med å gjera ein forskjell for elevane i skulen så er dette jobben for deg.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov og blir utarbeidd i tett dialog med kollegaer. Miljørettleiarane og fagarbeidarane skal mellom anna arbeide med:
eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
eit godt samarbeid med lærarar på teamet, teamleiar og anna personale.
god samhandling med PP- tenesta, andre samarbeidspartar og delta i samarbeidsmøte knytt til elevane
rettleiing og tilrettelegging av eit heilskapleg opplæringstilbod ut i frå elevane sitt behov.
eit godt skule- heim samarbeid og til eleven sitt beste
sosial trening og eigenmeistring, og etablere eit sosialt nettverk rundt elevane
skulen sitt utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar:
Me søkjer primært etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut. Me har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som til ein kvar tid reflekterer elevgruppa og som har erfaring rundt elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og andre relevante problemstillingar. Stillinga krev evne til utstrekt samarbeid med kontaktlærar, føresette og elevane. Spesifiser i søknaden kva fag du har teke som del av utdanninga di. Personar med Fagbrev i barne og ungdomsarbeidarfaget er også velkomne til å søka då det kan bli ledige stillingar som fagarbeidar i skule og SFO
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Vi ser etter personar som tek initiativ, har eit heilskapleg elevsyn, og ynskjer å drive ei elevaktiv opplæring til dømes gjennom dagleg fysisk aktivitet og praktisk opplæring.
Me tilbyr:
Som miljørettleiar og fagarbeidar på Kvåle skule kan du vente deg:
ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
gode pensjons- og forsikringsordningar.
gode velferdsordningar.
løn etter avtale.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalavegen 2, 6856 Sogndal
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 329342649
- Sist endret
- 19. nov. 2023 05:50