Inaktiv

Lærar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Kvåle skule
Frist
03.12.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søkjer etter dyktige klasseleiarar som samla skal dekka dei fleste faga i grunnskulen. Me vil ha faste lærarstillingar og lærarvikariat avhengig av tal permisjonar. Av erfaring vil me ikkje ha den totale oversikta over tal stillingar og kvar det er ledig stilling før det nærmar seg sommaren. Utlysinga gjeld også for andre ledige stillingar som kan komme til i løpet av våren og sommaren.  

 

Kvåle skule søkjer etter lærarar i vikariat i inntil 100 % stilling frå 01.01.24-31.07.24. Me har ser eit særleg behov for lærarar med faga naturfag, engelsk, musikk og spesialpedagogikk. (I søknaden legg du inn kva fag du har undervisningskompetanse i)  

 

Arbeidsoppgåver:  

  • Planlegge og leie elevane si læring, individuelt og i team  

  • Medverke i skulen sitt profesjonsfellesskap  

  • Sette skulen sitt utviklingsarbeid ut i praksis  

  • Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt samarbeid med elevane sin heim  

 

Kvalifikasjonar  

Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetting som lærar i grunnskulen og ynskje om gode digitale ferdigheiter.  

Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.  

 

Personlege eigenskapar  

Som lærar på Kvåle ser vi etter deg som har:  

  • evne til å skape sterke relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer.  

  • gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ.  

  • evne til samskaping og bidra inn i profesjonsfellesskapet.  

  • empati og evna til å sjå heile mennesket.  

  • kreativitet og fleksibilitet til å skape motivasjon hjå elevane.  

 

Me tilbyr  

Som lærar på Kvåle kan du vente deg:  

  • ein spanande jobb i skular med innbydande nærmiljø som opnar opp for praktisk og variert undervisning.  

  • eit godt fagleg fellesskap i og utanfor klasserommet.  

  • spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende.  

  • systematisk oppfølging av nytilsette og nyutdanna.  

  • gode moglegheiter for kompetanseutvikling  

  • gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar  

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. I søknaden din prioriterer du skulen/skulane du søkjer på.  


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
329339944
Sist endret
19. nov. 2023 05:35