Inaktiv

Spesialkonsulent - dokumentasjonsforvaltning

Arbeidsgiver
IDI - Dokumentsenter, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Spesialkonsulent - dokumentasjonsforvaltning
Frist
03.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du oppteken av digitalisering og ønskjer bidra til effektiv
informasjonsutveksling samstundes som du sjølv utviklar deg innan eit relevant
fagområde i stor endring?

Dokumentsenteret i Vestland fylkeskommune samlar og styrkar fagmiljøet innan dokumentasjonsforvaltning
på Leikanger, og me treng no ein engasjert medarbeidar som kan komplettere vår
dyktige gjeng. 
 
Dokumentsenteret har ansvaret for å leggje til rette for at fylkeskommunen dokumenterer sin
forvaltning gjennom god journalførings- og arkiveringspraksis. Hjå oss vil du
inngå i eit robust fagmiljø der du jobbar tett med erfarne kollegaer. Me ønskjer å styrke den totale kompetansen i eininga og søkjer no særleg etter deg med interesse for og kompetanse innan brukarstøtte, opplæring, kommunikasjon eller liknande. 

Stillinga er fast og tiltreding skjer når riktig kandidat er tilgjengeleg. 



Arbeidsoppgåver

  • Mottak og journalføring av elektronisk og digital post, samt innskanna fysisk post og anna saksdokumentasjon.
  • Brukarstøtte innan fagområdet generelt, og sak- og arkivsystemet spesielt.
  • Gjennomføre opplæring av sakshandsamarar og leiarar i fylkeskommunen innan einingas fag- og systemportefølgje.
  • Kontroll og utlegging av offentleg journal på eInnsyn.no.
  • Støtte sakshandsamarar, samt noko sakshandsaming, innan offentlegheitsvurdering og innsyn.
  • Andre administrative og utviklingsorienterte oppgåver innan einingas ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelornivå med relevant fag-/emnesamansetning. Relevant erfaring kan ved vurdering erstatte formalkrav til utdanning.
  • Ønskjeleg med utdanning og/eller erfaring innan brukarstøtte, undervisning, kommunikasjon mv. 
  • Særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. 
  • Gode IT-kunnskaper og systemforståing.
  • God læringskompetanse. 

    Personlege eigenskapar

    • Du har interesse for fagområde og positiv haldning til digitaliering.
    • Du trivst i miljø med fleksible oppgåver, høgt arbeidstempo og intensjonsbasert leiing.
    • Du identifiserer deg med verdiane våre; kompetent, open og modig.
    • Du er nytenkande og løysingsorientert.
    • Du er initiativrik og serviceinnstilt.
    • Du er fagleg nysgjerrig og likar å halde deg oppdatert, samstundes som du er oppteken av og dyktig til å dele kunnskap med kollegaer. 

    Vi tilbyr

    • Arbeid innan eit fagområde og med system i stor utvikling.
    • Ei sentral og viktig rolle knytt til det største fellessystemet i ein stor fylkeskommune.
    • Samarbeid med fagleg dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø.
    • Løn etter avtale.
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
    • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor.

    Kontaktinformasjon

    Kenneth Stigen Fureli, leiar, 91130261

    Arbeidsstad

    Askedalen 2

    6863 Leikanger

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



    Referansenr.: 4733662551

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 03.12.2023


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Askedalen 2, 6863 Leikanger
    Stillingsfunksjon
    Kontor og administrasjon, Konsulent, Saksbehandler
    FINN-kode
    329083402
    Sist endret
    18. nov. 2023 06:20