Assisterande fylkeslege

Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Stillingstittel
Assisterande fylkeslege
Frist
03.12.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Vi tilbyr ei spennande stilling der du samlar erfaring med samfunnmedisin og helsejuss.

Den medisinske kompetansen i avdelinga består i dag av eit legekollegium med fylkeslegen og tre ass. fylkeslegar. Ein av legane våre har no fått permisjon for ei periode, og vi har difor eit ledig vikariat på 2 år i 100 % stilling frå 01.02.24 til 31.01.26.

Du jobbar i team og på dagtid.

Statsforvaltaren er registrert som utdanningsinstitusjon for spesialisering i samfunnsmedisin.


Hovudarbeidsområde

Stillinga vil primært ha oppgåver knytt til Statsforvaltaren sine oppdrag frå Statens Helsetilsyn og Helsedirektoratet.

Døme på oppgåver:

  • handsame klagesaker, i nært samarbeid med kollega med juridisk kompetanse
  • i team gjennomføre tilsyn/undersøkingar med kommunane, spesialisthelsetenestene og evt. private aktørar for å kontrollere at dei gjennomfører sine plikter etter lovverket
  • tvangsmedisineringsklager
  • rådgjeving til helsepersonell, verksemder og publikum
  • fagleg bistand ved behandling av førarkortsaker, miljøretta helsevern, smittevern
  • kvalitetsutvikling samt etablering og vedlikehald av faglege nettverk

Det kan og bli aktuelt med kursaktivitet, undervisning og andre utviklingsretta oppgåver.
Noko reiseaktivitet må påreknas, men embetet har ein policy som tilseier mindre reiseaktivitet og meir treffpunkt via digitale arenaer.

I fylkeslegen sitt fråvær, vil det medisinskfaglege ansvaret ligge til assisterande fylkeslegar. 


Vi søkjer etter lege som har
  • norsk autorisasjon som lege
  • klinisk erfaring og god kjennskap til norsk helseteneste
  • engasjement for pasienttryggleik og kvalitetsforbetring

Du må kunne sikkerheitsklarerast.

Vi oppfordrar alle interesserte til å søkje denne spennande stillinga, som kan være særskilt relevant for allmennlegar og legar i samfunnsmedisinske og administrative stillingar.

 

For at du skal trivast og lykkast i jobben er det viktig at du

  • har gode samarbeidsevner, handlekraft og dømmekraft
  • er initiativrik og sjølvgåande
  • har god munnleg og skriftleg framstilling både på nynorsk og bokmål

Som medarbeidar hos oss får du
  • løn som 0774 ass. fylkeslege med aktuell lønsplassering i staten sitt lønsregulativ, fastsett etter erfaring og kvalifikasjonar.
  • sjølvstendig og tverrfagleg arbeid med varierte og faglege interessante oppgåver i eit triveleg miljø
  • gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • godt kompetansemiljø i samarbeid med juristar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, med fleire
  • familievennleg og fleksibel personalpolitikk utan vakt
  • moglegheit for inntil 2 dagar heimekontor
  • fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadane er prøvetid.

Utviklinga av organisasjonen vår er i ein kontinuerleg prosess, og den som blir tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.


Nærare opplysningar

Ta gjerne kontakt med fylkeslege Karin Müller Mikaelsen, e-post karin.mueller.mikaelsen@statsforvalteren.no,  tlf. 71258592/41495351 om du har spørsmål knytt til stillinga.

Ønskjer du å gjere deg betre kjent med oss, kan du finne meir informasjon på www.statsforvaltaren.no/mr. I podkasten vår «For folk og natur» kan du mellom anna høyre meir om oss og oppgåvene våre i «Velkommen til ope hus»


Søknaden din

Du søkjer elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til Jobbnorge. Der legg du inn CV og skriv søknaden din. Du må legge ved vitnemål og relevante attestar. Eventuell utdanning frå utlandet krev at du legg ved NOKUT godkjenning.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand. Søkjarar som ønskjer å vere unntatt offentlegheit, må grunngje dette særskilt.

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen om du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten på Statens arbeidsgiverportal.  Eit slikt kryss i jobbsøkarportalen vert brukt ved utarbeiding av anonymisert statistikk til årsrapporten vår.


Sektor
Offentlig
Sted
Julsundveien 9, 6414 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege
FINN-kode
329077664
Sist endret
17. nov. 2023 11:20