Inaktiv

Har du lyst til å bli assisterande rektor/rådgjevar i Perla i Hardanger?

Arbeidsgiver
Brakanes Barne- Og Ungdomsskule
Stillingstittel
Rektor
Frist
08.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stillingsskildring


Brakanes barne- og ungdomsskulei Ulvik herad er ein fulldelt 1.-10. skule. Skulen har 143 elevar og ligg midt i sentrum av "Perla i Hardanger"- Ulvik Herad med gangavstand til gardsbruk, strand, bibliotek, kino, idrettsanlegg mm. Skulen har flotte naturomgjevnad og har uteskuleområde i nærleiken, symjebasseng, fleirbrukshall, uteområde med ballbinge og aktivitetspark, SFO og kulturskule.




Me søkjer etter deg som kan vidareføra og vidareutvikla arbeidet med å skapa ein god skule for alle, gje alle elevane eit inkluderande og trygt læringsmiljø, leia læreplanarbeid, fagfornying og rammeplan SFO, kan leggja strategiske føringar for framtida, vera ein pådrivar for å utvikla profesjonssamarbeidet og vidareutvikla skulen slik at elevane er godt rusta til å ta del i samfunnet.


Me ynskjer ein assisterande rektor/rådgjevar som spreiar arbeidsglede mellom dei tilsette, og nyttar kompetansen deira til det beste for elevane og utviklinga av skulen.


Assisterande rektor skal saman med rektor, leiargruppa, tilsette og føresette byggja eit godt lag kring elevane.


Administrasjonen til skulen er sett saman av rektor, assisterande rektor, lagleiarar, spesialkonsulent og sekretær.


Ulvik herad har kommunalsjef for oppvekst som er rektor sin næraste leiar.


Heradet har interkommunalt samarbeid med Hardanger- og Voss kompetanseregion.


Hovudsatsinga til skulen er:


· Inkluderande skulemiljø


· Vidare utvikling av organisasjonskultur


· Leseutvikling


Arbeidsoppgåver


Som assisterande rektor vil du få ansvar for:


  • Vikarhandtering
  • Timeplanlegging i samarbeid med rektor
  • Koordinering av spesped/ressursteam
  • Utviklingsarbeid i samarbeid med rektor
  • Leseutvikling 1.-10. trinn.
  • Noko undervsining.

Som rådgjevarvil du ha i oppgåve:


  • Å hjelpa den einskilde elev med å finna seg til rette i opplæringa.
  • Hjelpa elevane med personlege, sosiale og emosjonelle utfordringar som kan ha innverknad for eleven si opplæring og sosiale forhold på skulen.
  • Val av utdanning og yrke
  • Informasjon om utdanningsveg i Norge og andre land
  • Å bruka ulike rådgjevingsverktøy

Kvalifikasjonar


· Du må ha godkjent lærarutdanning og praksis frå skule.


· Du har relevant leiarerfaring og vidareutdanning innan leiing er ein fordel.


· Utdanning og/eller praksis som rådgjevar er ynskeleg.


· Utdanning innan spesialpedagogikk, leseutvikling eller begynnaropplæring er ynskeleg.


Personlege eigenskapar vert vektlagt og me søkjer deg som:


· Har ein raus leiarstil, er til stades og ser kvar einskild elev og tilsett som ressurs.


· Er oppteken av læringsarbeidet og utviklinga til elevane.


· Er pådrivar i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid gjennom skulebasert kompetanseutvikling.


· Er trygg og modig leiar som ynskjer å vera synleg i skulekvardagen.


· Har god relasjonell veremåte.


· Har godt samarbeid med dei ulike i skulesamfunnet.


· Er lyttande, tydeleg, resultatorientert, strukturert og har god evne til å gjennomføra saman med rektor.


Me tilbyr:


· Meiningsfulle arbeidsoppgåver.


· Løn etter avtale.


· Gode pensjons- og forsikringsordningar.


· Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad.


· Kompetent personale.


Som assisterande rektor på Brakanes barne- og ungdomsskule får du ein allsidig og utfordrande leiarstilling i eit kompetent fagmiljø på skulen.

Sektor
Offentlig
Sted
Skeiesvegen 14, 5730 Ulvik
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
329077661
Sist endret
20. nov. 2023 06:35