Helsefagarbeidar ved Miljøterapitenesta
- Arbeidsgiver
- Gol kommune Miljøterapitenesta
- Frist
- 11.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
100 % fast stilling
Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet.
Helse- og omsorgssektoren i Gol er nå inne i ein prosess kalla «tenestekonseptutvikling», der vi arbeider med ei framtidsretta organisering av tenestene, ei organisering som også tek høgde for dei nye utfordringane kommunane vil møte i framtida.
Miljøterapitenesta er den største avdelinga i helse- og omsorg Gol og vi er i behov fagarbeidar som er opptatt av å sette brukar i fokus, skape meiningsfylte kvardagar, samt å bidra aktivt inn i utviklinga av fagmiljøet. Vårt faglege arbeid er knytt til dagleg oppfølging av planer og tiltak.
Områda i Miljøterapitenesta har ulike turnusordningar frå dagtid til kveld og langvakter, døgnvakter eller natt. Alle stillingar inneber arbeid på helg.
Vi søkjer:
Helsefagarbeidar i 100 % fast stilling knytt til avdelinga Miljøterapitenesta.
Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i henhold til vedtak, dagsplanar, rutinar og prosedyrar
• Hjelp til personlig hygiene og annen helseoppfølging
• Kartlegge brukarbehov, iverksette og evaluere målretta tiltak
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Primærkontakt, sekundærkontakt og andre delegerte oppgåver/ansvar
• Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
• Bidra til fagutvikling i avdelinga
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Oppfølging av vedtak etter hol. kap. 9
•Bruk av fagsystemet Gerica og sikre dokumentasjon
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som helsefagarbeidar eller anna relevant helsefagleg utdanning
• Fortrinnsvis praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
• Førarkort klasse B
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Vi ynskjer at du har:
• Du har kjennskap til psykisk utviklingshemming og psykiske lidinga
• Du er motivert, kreativ, nytenkande og løysingsorientert
• Du har praktisk erfaring med handtering av åtferd som utfordrar
• Du interesserer deg for fagutvikling og kvalitet i tenesta
• Du er bevisst på di haldning og prioritera verdiar som respekt, lojalitet og etikk
• Du har humør og rausheit, og bidrar til et godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
• Eit levande fagmiljø med fokus på kompetanse og kontinuerleg utvikling
• Ein interessant og utfordrande stilling med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Ulike turnusordningar
• Trivelege, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• Gratis treningstilbod ved GOLIAT
• Gode pensjonsordningar
Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Helsetunvegen, 3550 Gol
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 329067126
- Sist endret
- 17. nov. 2023 08:50