Inaktiv

Har du lyst på ein meiningsfull jobb i eldreomsorga?

Arbeidsgiver
Voss herad Område sør
Stillingstittel
Me har ledige stillingar ved Granvin Sjukeheim og heimetenesta
Frist
16.12.2023
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

 

Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande jobb i eldreomsorga?

Då har mejobben for deg! Ved Granvin Sjukeheim og heimeteneste er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss.
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylgjing av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, elevar, studentar, assistentar er oppmoda om å søkje. 

Stillingane er lagt til helg

Søkjar må vere 18 år. Om søkjar er 16-18 år kan det takast individuelle vurderingar.

Om avdelinga:

Granvin Sjukeheim og heimetenesta er samlokalisert på Eide i Granvin, ca 3mil frå Voss Sentrum. Det er kort veg til både sjø og fjell

Det er 12 bebuarar i institusjon. Det er vekslande mellom langtid, korttid, vekselpleie, avslastning. 20 omsorgsbustadar er tilknytt sjukeheimen. 

  • Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktiviteta, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid
  • All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid. 

Me ynskjer:

  • Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar
    Me søkjer sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet
    Me søkjer også deg som kunne tenkja deg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar
  • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • Me tilbyr
    - E-læringskurs og god opplæring
    - Ein spennande, meiningsfull og lærerik jobb
    - Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
    - Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. Og eventuelt på natt

 

 Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 
Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Eidesvegen 24, 5736 Granvin
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
328969725
Sist endret
17. nov. 2023 07:35