Byggesakshandsamar 100% fast stilling
Kommunalområde samfunn, Sykkylven kommune
- Frist 3.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Sykkylven kommune har ledig fast 100% stilling som byggesakshandsamar. Stillinga ligg til teknisk avdeling innanfor kommunalområde samfunn.
Kommunalområde samfunn er organisert i tre avdelingar; teknisk, eigedom og kultur. Teknisk avdeling har ansvar for bygg, plan, geodata, forureining, landbruk og miljø. Tenesteområdet har stor aktivitet med mange spanande prosjekt på gang og vil vere involvert i fleire utviklingsprosjekt dei næraste åra. Arbeidsmiljøet er godt og vi vektlegg samarbeid mellom fag for å løyse oppgåvene best mogleg.
Arbeidsoppgåver
Hovudansvar er knytt til:
- Byggesakshandsaming
- Tilsyn og ulovlegheitsoppfølging
Avdelinga er i ein endringsprosess, og stillinga kan også bli tillagt oppgåver knytt til forureiningslova, private avløpsanlegg, matrikkelføring, prosjektdeltaking og andre utviklingsoppgåver.
Til stillinga ligg det eit ansvar for kundeoppfølging, rettleiing, samt å vere pådrivar for å oppnå vedtekne politiske mål.
Kvalifikasjonar
- Minimum bachelor innafor eit eller fleire av følgjande fagfelt: Ingeniørutdanning innanfor bygg- og/eller anleggsfag/arealplanlegging/eigedomsforvaltning evt anna relevant utdanning
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne
- Gode IT/IKT kunnskapar
- Kjennskap til offentleg forvaltning og bruk av geografisk informasjonssystem og relevante programvare
- Kunnskap om relevant lovverk (Plan og bygningslova, TEK 17, forureiningslova, mm)
- Søkjar må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har evna til samarbeid, kommunikasjon, evne til å ta avgjerder og stå ved dei.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig. Evne til å samarbeid er viktig.
- Du må ha positiv veremåte, vere løysingsorientert og kunne forhalda deg til tidsfristar.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtalverk
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Kristian Trandal, Teknisk sjef, 47719661, kristian.trandal@sykkylven.kommune.noNjell Hoftun, kommunalsjef samfunn, 47658757, njell.hoftun@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 626230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4730737381
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 328761477
- Sist endret