Rådgjevar byggjesak
Bykle kommune
- Frist 27.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for å søkje arbeid i vakre omgjevnader tett på fjellheimen?
Planavdelinga i Bykle kommune har det travelt! Vil du vere med på laget som byggjesaksrådgjevar? Som rådgjevar vil du vere sentral i arbeid med sakshandsaming og tilsyn etter plan og bygningslova. Du vil og få delta i tverrfagleg miljø i relaterte saksfelt. I tillegg får du fjelluft kvar dag!.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming og oppfølging av byggjesaker
- Publikumskontakt - rettleiing av søkjarar og partar i saker etter etter plan- og bygningslova
- Førebuing og deltaking i politiske møte ved behov
- Dispensasjonssaker i regulerte område
- Tilsyn og ulovlegheitsoppfølging- byggjesaker
- Tverrfagleg samarbeid i planavdelinga, med teknisk -drift og eigedom og andre
- Deltaking i andre arbeidsoppgåver, prosjekt eller sakshandsaming som ligg til eininga
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- 3 år byggfagleg ingeniørutdanning eller annen relevant utdanning frå fagskule/høgskule eller universitet
- God kjennskap til plan- og bygningslova
- Røysle frå kommunal forvaltning /plan - og byggesaksfeltet er ønskjeleg
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
- God IT- kompetanse
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Må kunne arbeide sjølvstendig, og ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Uttrykkjer deg lett og godt både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein kommune med høg aktivitet
- Mulegheit til fagleg utvikling og vekst
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid - høve til delvis heimekontor/annan oppmøtestad
- Ønskjeleg med full stilling - men og deltidsstilling kan vere aktuelt om søkjar ønskjer det
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
- Flyttegodgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleilighet i kanalbyen, Kristiansand
- Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluftsliv både sumar og vinter
- Barnehageplass og SFO plass frå dag ein i kommunen
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.
Kontaktinformasjon
Signe Sollien Haugå, Plansjef, 482 37 300, signe.sollien.haugå@bykle.kommune.noArbeidsstad
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bykle kommuneReferansenr.: 4715602956
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 324060469
- Sist endret