Helsefagarbeidar/miljøterapeut
Førebygging og meistring
- Frist 1.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Med utgangspunkt i eit ønskje om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemd Førebygging og meistring. I tillegg til dagtilbod for personar med demenssjukdom, inneheld verksemda geriatriske sjukepleiarar og demensteam, støttekontakt teneste, seniorsenter, ergo- og fysioterapiteneste, og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt.
Ein av våre tilsette blir pensjonist frå nyttår, og vi har då ledig 80 % fast stilling der du har ei kveldsvakt og tre dagvakter per veke med utgangspunkt i Hatlahaugen dagsenter for heimebuande personar med demens.
Ved eventuelt intern tilsetting, kan det bli ledig stilling anna stad i verksemda.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid på dagsenter som skal bidra til meistring, gode opplevingar og auka livskvalitet for brukarane.
- Planlegge og gjennomføre meiningsfulle og gode aktivitetar på dagsenteret, som fysisk aktivitet, sosialt samvær og kulturelle opplevingar.
- Samhandling med pårørande og andre samarbeidspartar internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning: helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller treårig høgskuleutdanning.
- Det er ønskeleg med erfaring innan demensomsorg, gjerne vidareutdanning/ kurs i demensomsorg eller geriatri.
- Grunnleggande datakunnskap.
- Det er krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Krav om førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter ein medarbeidar som er kreativ, utadvent og positiv.
- Du må vere fleksibel og løysingsorientert, ha evne til nytenking og like utfordringar.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, samt har gode samarbeidsevne.
- Du har interesse for ulike aktivitetar.
- Å vere personleg eigna blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei kommune med verdiane open, engasjert og modig i fokus.
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med spanande, aktive og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Kjekke kolleger og samarbeidspartar.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Amrei Jakobs , Avdelingsleiar , 901 75 377Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553
Arbeidsstad
Borgundgavlen 526015 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4718488927
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.01.2024
Søknadsfrist: 01.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323874927
- Sist endret