Barnevernskonsulent i barneverntenesta, Haram kommune
Livsløp Haram, Ålesund kommune
- Frist 5.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli med å gjera ein skilnad for barn og unge i Haram kommune?
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som barnevernskonsulent frå 02.01.2024, og søker deg som har eit stort engasjement for born, unge og deira familiar.
Frå 2024 blir Haram eigen kommune, og barneverntenesta blir organisert under tenesteområdet Livsløp. Det vil ligge til rette for tverrfagleg samarbeid og gode løysningar for born og familiar i kommunen. Barneverntenesta arbeider etter generalistmodellen, der tilsette arbeidar med alle delar av barnevernsfaget; undersøking av omsorgssituasjon, oppfølging av tiltaksarbeid for heimebuande barn og oppfølging av barn og unge som bur utanfor heimen. Stillinga innebærer også rettleiing etter Lov om barnevern.
Vi ynskjer deg som er engasjert og motivert til å vera med å skape ei god og robust barnevernteneste for kommunens born og familiar.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling etter Lov om barnevern
- Direkte samarbeid med born, unge, deira familie og øvrig nettverk
- Samarbeid med aktuelle instansar
- Kommunen si representant i Barnevern- og helsenemnda, og øvrige rettssystem
- Bidra til god samhandling og ressursutnytting i tenesta
- Noko reiseverksemd og ettermiddag-/kveldsarbeid må reknast med
Kvalifikasjonar
- Bachelor i barnevern eller sosialt arbeid, fortrinnsvis barnevernspedagog eller sosionom
- Ønskjeleg med vidareutdanning, eller motivasjon til å ta slik utdanning innan 2031 for å nå kompetansekrava i ny barnevernslov
- Erfaring fra kommunal barneverneneste og fosterheimsarbeid
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, trygg, varm og ydmyk i møte med born og foreldre
- Du må vera løysningsorientert, strukturert, kunne planlegge og ha god oversikt
- Du må trivast med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo, og du har stor arbeidskapasite
- Du tek utfordringar, evnar å skape godt arbeidsklima, og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Eit spennande fagfelt med varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Veiledning
- Deltaking i å utvikle fremtidens barnevern
- Disponibel tenestebil
- Lønn etter avtale/kvalifikasjon
- Fleksibel arbeidstid
Kontaktinformasjon
Ann Katrin Soleng Stephansen, Tenesteleiar Barnevern , 900 35 025, ann.katrin.soleng.stephansen@alesund.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4719219371
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323874847
- Sist endret