Vernepleiar - 100% fast
Alver kommune
- Frist 27.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har no ledig ein 100% fast stilling i medleverturnus (døgnturnus), med arbeid kvar 4. helg.
Stillinga ønskes besett av ein person med autorisasjon som vernepleiar.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av individuelle vedtak knytta til helse, daglege gjeremål og fritid
- Reguleringsstøttande samhandling, byggje sjølvkjensle og sjølvstende
- Vera fysisk aktiv og gjere meiningsfulle aktivitetar med bebuar
- Kvalitetsarbeid/fagutvikling og rettleiing
- Delta på samarbeidsmøter rundt den enkelte bebuar
- Dagleg tilrettelegging og planlegging av tenesteytinga
- Legemiddelhandtering
- Oppfølging i forhold til HOST kap. 9
- Dokumentasjon av tenesteytinga, i Profil
- Praktiske gjeremål i bustad og delegerte oppgåver frå leiar
- Ansvarsvakt
Om avdelinga - Ressurskrevjande tenester
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming.
Under ressurskrevjande tenester er det for tida 5 bustader der ein gjev hjelp/bistand til vaksne med utviklingshemming og åtferdsutfordringar. Det er 2:1 bemanning i alle bustadane.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som vernepleiar
- Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, psykiske lidingar og utfordrande åtferd
Førarkort klasse B
Ønska kompetanse:
- Kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
- God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
På grunn av personalsamansetninga ønsker vi også kvinnelege søkere
Kven er du?
- Du har evne og erfaring til å takle andre personar sine utfordringar, og å møte brukar i sårbare situasjonar på «deira utviklingsnivå»
- Du har evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til brukar og kollegaer
- Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson
- Du er aktiv og kreativ når det gjeld å motivere, men også roleg og tolmodig når situasjonen krev det
- Du ønsker å «gjere ein forskjell» når du er på jobb
- Du er opptatt av refleksjon omkring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner
- Du har gode samarbeidsevner, og evne til å jobbe systematisk, både sjølvstendig og i team
- Du har god fysisk og psykisk helse
- Du er fleksibel, god omstillingsevne og åpen for endringar
Det vert sterkt vektlagt om du er personleg eigna til stillinga.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
- Spanande og meiningsfylte oppgåver
- Medleverturnus (2-2-3)
- Være delaktig i utviklings- og endringsarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323872416
- Sist endret