Sjukepleiarar med og utan videreutdanning
Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal (døgn), Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 6.11.2023
Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåva til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) og psykiske lidingar hos personar over 65 år (ved demens ingen aldersgrense). Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 6 plassar. Poliklinikken har ein utstrakt bruk av ambulant aktivitet der også miljøpersonale frå sengepost deltar. Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunene.
Vi har ledig:
- 100% fast stilling som spesialsjukepleiar
- 75% fast stilling som sjukepleiar
- 75% stilling som sjukepleiar p.t. natt
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Bidra i miljøarbeid, kartlegging , utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak ; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og benytter bla Marte Meo til veiledning innan funksjonsstøttande kommunikasjon.
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og poliklinikk
- Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
- Halde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar eller sjukepleiar med videreutdanning i psykisk helsearbeid
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer.
- Du må kunne ta utfordringer på sparket og stole på deg sjølv
- Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte/rådgjeving/påfyll.
- I det daglige vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringer i organisasjonen vår
- Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar
- Fleksibel og løysningsorientert
- God på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Stor arbeidskapasitet
- Fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Vere faglig tydelig og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Konstituert seksjonsleder, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4716287244
Stillingsprosent: 100, 75%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323872309
- Sist endret