Ledig stilling som
Sunnfjord kommune Førde ungdomsskule
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Førde ungdomsskule ligg vakkert til nær sentrum, og er næraste nabo til kulturhuset Førdehuset.
Skulen er ein fire-parallellars ungdomsskule med ca. 300 elevar. Elevane kjem frå to barneskular og blir plassert i heilt nye klassar. "Læring i tryggleik og trivsel" er skulen sin visjon. Med det ønsker vi å få fram at gode læringsprosessar er avhengig av at elevane kjenner seg trygge i skulemiljøet og at dei trivest på skulen. Førde ungdomsskule har i overkant av 40 årsverk.
Vi har ledig:- 80 % vikariat frå 01. januar 2024 til 31. desember 2024.
Det er mogleg at årsvikariatet vert forlenga.
Konsulenten sine arbeidsoppgåver:- sakshandsaming for rektor innanfor økonomi og personalområdet
- kontakt med elevar og foreldre
- innkjøp
- utleige av lokale
- arbeid med budsjett og budsjettoppfølging
- høgare relevant utdanning.
- sakshandsamarerfaring og erfaring innan budsjett og økonomistyring
- god kompetanse i bruk av IT- verktøy
- evne til å ha heilskapleg oversyn, men samtidig ha evne til å jobbe med detaljar, er initiativrik og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- beherske norsk munnleg og skriftleg
Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Vi ønsker at du:- har erfaring i arbeid med personaladministrative oppgåver, samt erfaring innan lov- og avtaleverk i skulen
- kan jobbe sjølvstendig
Stillinga er løna som konsulent/sakshandsamar avhengig av utdanning og med lønsplassering på bakgrunn av kvalifikasjonar.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323867540
- Sist endret