Sjukepleiar
Elektiv sengepost og Dagkirurgi - Kristiansund
- Frist 12.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på laget?
Vi har ledig fast stilling for sjukepleiar ved vår nyoppretta seksjon Elektiv sengepost og Dagkirurgi, Kristiansund sykehus. Vi søkjer deg som er positiv og engasjert, og som med din veremåte kan bidra til å bevare og berike eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du vil få gleda av å jobbe saman med engasjerte, fagleg oppdaterte og kompetente kolleger.
Stillinga innebærer for tiden hovedsakelig natt, - men arbeidstiden vil ved opprettelsen av SNR Kristiansund i 2025 da hovedsakelig omfatte dag og kveld. Om ynskjeleg kan stillinga innebære ordinær 3-delt turnus. Stillingen er todelt, det vil si at den innebærer 85 % stilling ved Elektiv og Dagkirurgi, og i tillegg ca 15 % stilling med arbeid kvar 3. helg evt. kvar 4. helg ved Kirurgisk/ Ortopedisk sengepost.
Vi er spesialisert innanfor områda ortopedi, urologi, gynekologi, ØNH og medisin, og er ein del av eit tverrfagleg team med godt samarbeid mellom både spesialister, legar og sjukepleiarar. Vi arbeider for kontinuerleg høg fagleg kvalitet og pasienttryggleik i eit triveleg miljø. Du vil bli ein del av eit lag som skal lykkast med å imøtekome fremtidas krav til dagkirurgi og elektiv drift.
Seksjonen er ein del av det framtidige SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal). Det vil fortsatt vere høg aktivitet ved dagkirurgi/ elektiv verksemd i Kristiansund når nytt akuttsjukehus står ferdig i 2025.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av vaksne dag- og elektive pasientar til operasjon eller undersøking
- Pre- og postoperative rutinar
- Overvaking av pasientar etter narkose og andre anestesimetodar
- Mobilisering og klargjering for heimreise
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/ spesialsjukepleiar
- Ønskjeleg med erfaring frå overvaking av pasientar etter narkose eller andre anestesimetoder, men ingen krav om dette. Opplæring vil bli gitt
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har vilje til å ta initiativ og ansvar
- Du er fleksibel og viser vilje til endring
- Du er ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du samarbeider godt med kollegaene dine og har gode kommunikasjonsevner
- Du har evne å arbeide strukturert og sjølvstendig, både individuelt og i team
- Du har interesse for kirurgisk/ ortopedisk sjukepleie, e-helse og digitalisering
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Kirstin Hovde, Seksjonsleiar, 71120000Arbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4719219324
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.01.2024
Søknadsfrist: 12.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323861352
- Sist endret