Privat avlastar
Eining Habilitering, Sveio kommune
- Frist 2.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Avlasting er tilbod til personar og familiar med særlig tyngjande omsorgsarbeid for personar med nedsett funksjonsevne.
Jente på 13 år med diagnosane ADHD og moderat psykisk utviklingshemming treng avlastingsfamilie. Ho er ei snill og omtenksam jente som krev kontinuerlig tilsyn frå ein vaksen, då ho har ein del utfordringar. Ho er glad i å vere ute, sykla, teikna, gå turar, fiska, leike i naturen og å gå på besøk. Det er difor ein fordel om du likar å vere aktiv utandørs, men ho likar og å drive med rolege aktivitetar innandørs. Elles hjelpar ho velvillig til med arbeid som må gjerast både i og utanfor heimen.
Arbeidsoppgåver
-Avlastinga skjer i avlastar sin heim.
-Oppdraget følgjer vedtak om tenesta, som er avlasting 1 helg i månaden. Fredag etter skuletid til søndag ettermiddag , som utgjer 48 timar pr helg.
-Ha fokus på ein aktiv kvardag som gir positive opplevingar.
-Me forsøkjer i så stor grad som mogleg å matche avlastar og familien ut frå felles interesser og behov. Ordninga er basert på dialog og godt samarbeid mellom avlastar og føresette.
-Føresette vil delta i tilsetjingsprosessen.
Kvalifikasjonar
- -Det er inga formell fagutdanning for å vera avlastar
-Du er ein trygg og god vaksen
-Du er nøyaktig, ansvarsfull, sjølvstendig, plikoppfyllande, aktiv og kreativ.
-Du må ha førarkort klasse B, og kunne disponere eigen bil.
-Du snakkar godt norsk
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er trygg og påliteleg som vaksenperson. Du er aktiv, nysgjerrig og interessert, men har og evne til samarbeida, vera tolmodig og roleg.
I søknaden må du skrive litt om deg sjølv, samt bu situasjon og kven du eventuelt bur saman med.
Vi tilbyr
Oppfølging og rettleiing.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk, særavtale SGS 1030
God pensjonsordning gjennom KLP – frå løna blir det trekt 2 %Politiattest må framleggjast før oppstart
Kontaktinformasjon
Nina Sleen, Fagleg rettleiar fagteam Habilitering, 45721678, nina.hovland.sleen@sveio.kommune.noHanne Merethe Jacobsen, Fagleg rettleiar Habilitering, 46833894, hanne.merethe.jacobsen@sveio.kommune.no
Arbeidsstad
5550
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4719685211
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323832745
- Sist endret