Helsefagarbeidar/hjelpepleiar. 75% fast stilling på natt
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling Seksjon S3
- Frist 31.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Seksjon S3 er ein akutt korttidspost med 9 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing/ diagnostisering
og behandling av pasientar med akutte psykosar. Parallellt samarbeidar vi med
instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller
overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Avdeling Psykose har ledig 75% fast stilling på natt, arbeid pt. kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
- Observere og dokumentere
- Praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Erfaring frå psykiatri er ønskeleg
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Har respekt for den enkelte pasient
- Er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- Har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- Er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- Er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- Trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
- Ønsker og evner å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Utfordringar og læresituasjonar
- Fadderordning
- Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervising
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Sigurd Ulfeng Jakobsen, Seksjonsleiar, 55958530June Tvedt, Assisterande seksjonsleiar, 55958734
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4719681031
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323766871
- Sist endret