Elevkoordinator
SAN - SANDSLI VGS, Vestland fylkeskommune
- Frist 27.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Sandsli vidaregåande skule har om lag 560 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Programområda våre er studiespesialiserande og restaurant og matfag, og vi har både tilrettelagt opplæring og vaksenopplæring. Sandsli vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Sandsli vgs er kjend for godt skulemiljø, og resultata i ulike undersøkingar viser høg trivsel blant elevane, og at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling.
For meir informasjon om skulen sjå https://www.sandsli.vgs.no/
Om elevtenesta på Sandsli vgs
Elevtenesta ved skulen vil bestå av elevkoordinator, rådgivarar, miljøterapeut, miljøarbeidarar, helsesjukepleiar og skulepsykolog og skal bidra til at elevane får eit godt opplæringstilbod i eit trygt og godt skulemiljø.
Elevkoordinatoren vil ha ansvar for å utvikle og koordinere elevtenesta sitt arbeid for eit trygt og godt skulemiljø.Skulen har behov for ein elevkoordinator frå 01.01.2024
Arbeidsoppgåver
- Førebyggjande arbeid - etablera tiltak som auker trivsel og styrkar miljøet på skulen.
- Kontaktskapande arbeid - stimulera elevane til til aktiv deltaking i skulesamfunnet.
- Sosialpedagogisk arbeid - hjelpa elevar til å finne seg til rette på skulen.
- Samarbeidskapande aktivitetar internt på skulen og med eksterne aktørar
Kvalifikasjonar
- Det er krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova.
- Evne til å sette seg inn i lov- og avtaleverk.
- God profesjonsfagleg digital kompetanse.
- Relevant erfaring få tilsvarande arbeid er ønskjeleg.
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
Personlege eigenskapar
Du set elevane si læring, trivsel og gjennomføring fyrst.Du er tydeleg , trygg og open.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du er utviklingsorientert har god gjennomføringsevne.
Du trivast med å planlegge og organisere ulike oppgåver.
Du er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert.
Vi tilbyr
Eit trygt og godt arbeidsmiljø.Ein skulekultur prega av mangfald og engasjement.
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
Kontaktinformasjon
Bengt Håkon Lund, rektorArbeidsstad
Sandslimarka 515254 Sandsli
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4719711831
Stillingsprosent: 55%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323759701
- Sist endret