Økonomimedarbeidar
Stabseining for økonomi, Stad kommune
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomimedarbeidar frå 01.12.2023.
Stillinga er plassert i stabseining økonomi, som er lokalisert i Stad rådhus på Nordfjordeid. Stabseining økonomi har ansvar for mellom anna budsjett, rekneskap, fakturering, innkrevjing, finansforvaltning og er ein sentral støttefunksjon for kommunalområda og einingane i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Utrekning av brukarbetaling for kommunale tenester
- Utrekning av tilskot til private barnehagar
- Andre daglege arbeidsoppgåver innafor budsjett og rekneskap
- Medverke til å utvikle og forbetre rutinar og reglement
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskulenivå med hovudvekt på økonomi er ynskjeleg
- Erfaring frå økonomiarbeid i offentleg eller privat verksemd kan kompensere for høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar
- Evne til å organisere arbeidsoppgåvene og følge fristar
- Evne til å takle mange arbeidsoppgåver og høgt tempo
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er nøyaktig og tek initiativ til forbetringsarbeid
Vi tilbyr
- Eit godt fag- og arbeidsmiljø med varierte oppgåver
- Løn etter kommunalt avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til kompetanseheving og vidareutvikling
- Flyttegodtgjersle dersom du flyttar til kommunen vår
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt med økonomisjef Ole Starheim på telefon 91 32 01 44 for ein prat om stillinga!
Kontaktinformasjon
Ole Starheim, Økonomisjef, 91 32 01 44, ole.starheim@stad.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4719254073
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323718587
- Sist endret