Bibliotekar (vikariat) - Seksjon for bibliotektenester
Universitetet i Bergen
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig eit vikariat i 100% stilling som bibliotekar (stillingskode 1410 bibliotekar). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for bibliotektenester, med arbeidsstad på Bibliotek for juridiske fag. Stillinga er ledig frå 6. november 2023 – 30. juni 2024, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver:
- Delta i førstelinetenesta fysisk og digitalt
- Delta i brukaropplæring og brukarrettleiing
- Delta i oppgåver knytt til dokumentlevering, kunnskapsorganisering, registrering og katalogisering
- Vera med å vidareutvikle dei fysiske læringsareala og formidlingsaktivitetane i biblioteket
- Bidra til effektivisering, forbetring og fornying av arbeidsprosessar
- Bidra til utvikling av tenester som gjev ein auka verdi for UB sine brukargrupper og UiB si kjerneverksemd
Tenestene til UB er i stadig utvikling og endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.
Den som vert tilsett kan verta pålagd å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid, og evt. arbeide på andre bibliotek enn Bibliotek for juridiske fag.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innan bibliotek- og informasjonsvitskap på minst bachelornivå, eller tilsvarande, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensera for utdanningskravet
- Erfaring med katalogisering
- God digital kompetanse
- Relevant arbeidserfaring frå UH-biblioteksektor er ein fordel
- Erfaring med rettleiing og formidling er ein fordel
- Gode evner til kommunikasjon på både norsk og engelsk
Personlege eigenskapar vi etterspør:
- Du er initiativrik, fleksibel og omgjengeleg, med gode samarbeids- og formidlingsevner
- Du er handlekraftig og løysningsorientert
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Du er nytenkjande og service- og brukarorientert.
- Ved vurdering av søkjararar vil personlege eigenskapar verte vektlagde.
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Spanande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
- Løn som bibliotekar (kode 1410) kr. 466 600 til kr. 565 900 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar for bibliotektenester: Trude Færevaag, mobil 47804626, e-post trude.ferevaag@uib.no, eller fagleg leiar Vigdis Holtet, bibliotek for juridiske fag, e-post: vigdis.holtet@uib.no, telefon 55 582502.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323711080
- Sist endret