ID 871 Pedagogisk leiar Svingen barnehage
Svingen Barnehage
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Frå 01.01.24 er det ledig ein fast 100 % stilling som pedagogisk leiar i Svingen barnehage
Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er den einaste kommunale barnehagen i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og vil på nyåret 2024 ha 4 avdelingar med totalt 53 barn.
Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. Svingen barnehage har to fokusområde barnehageåret 2023-2024:
- Gjennom den daglege kontakten med barna er målet å byggja opp gode relasjonar. Den viktige samtalen skal gjera barna trygge på at dei vaksne kan tåla å ta imot det dei ynskjer eller treng å snakke om. Barnehagen er del av eit partsamarbeid med Høgskulen på Vestlandet i forhold til dette.
- Me ynskjer òg å ha ekstra fokus på <>. I dette tenkjer me eit spesielt fokus på mat og matproduksjon i nærmiljøet. Elles tek barnehagen del i kompetanseutviklinga som skjer gjennom Fitjar kommune, der inkludering er hovudoverskrifta. Alle barn skal få ta del i ein god barnehagekvardag, uansett kva forutsetningar ein har.
Me søkjer etter medarbeidarar som har:
- 3-årig barnehagelærarutdanning
- Kunne leia det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna
- Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede
- Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
- Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse
- Evne og kunnskap til å engasjera deg i leiken på det nivået barnet treng deg
- God IKT kompetanse
Me kan tilby:
- Personleg og fagleg utvikling
- Gode rammevilkår
- Løn etter avtale
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Spørsmål kring stillinga kan rettast til styrar Aud Jorunn Vedøy, telefon 997 33 185
Søknadsfrist: 29. oktober 2023
Søknadsskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323709465
- Sist endret