100 % stilling i Bu-miljøtenesta
Vik Kommune Heimetenester
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Me har ledig
100 % fast stilling i bu-miljøtenesta til menneske med nedsett funksjonsevne. Stillinga er ledig frå snarast. Turnusarbeid, med arbeid kvar 3.helg. Langvakter på 12,5 timar både vekedagar og helg.
Kvalifikasjonskrav
Relevant høgskuleutdanning.
Helsefagarbeidar.
Eller ufaglært med praksis/erfaring innan faget.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som kan gjere kvardagen god for andre, og har desse eigenskapane:
Fagleg engasjert
Fleksibilitet og godt humør vert vektlagt
God i kommunikasjon, relasjon og samarbeid med andre
Har evne til å integrere praktiske gjeremål i utforminga av tenestetilbodet
Vidare er det:
Fordel om du har førarkort
Gode norsk kunnskapar
Løns- og tilsetjingsvilkår
Lønn etter kommunalt avtaleverk.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Den som vert tilsett må levera politiattest og helseattest av ny dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323709369
- Sist endret