Utdanningskoordinerende overlege HMR HF
Spesialutdanning, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.10.2023
Vil du vere med på å organisere og utvikle LIS-utdanning i Helse Møre og Romsdal?
Vi søkjer ein motivert lege med eit brennande engasjement og interesse for utdanning til funksjonen som utdanningskoordinerande overlege i helseforetaket.
For meir informasjon, sjå gjerne vår artikkel på INNSIDA om dette her.
Helse Møre og Romsdal har som utdanningsverksemd overordna ansvar for fagleg innhald og praktisk gjennomføring av spesialistutdanning av legar i alle våre 31 spesialitetar i tillegg til LIS 1. Dette skal sikre at LIS får gjennomført si utdanning med god fagleg kvalitet innanfor ei akseptabel tidsramme og i samarbeid med andre foretak.
I rolla som UKO kan HMR tilby deg breie moglegheiter for kompetanseheving, eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø i samarbeid med kliniske miljø, Fagavdelinga og leiargruppa, samt med konkurransedyktig løn.
Stillinga er ledig frå snarast, og startdato kan avtalast. Arbeidsstad kan vere på ein av våre lokasjonar.
Vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste oppgåve vil vere det daglege ansvaret for å ivareta og utvikle vidare LIS-utdanninga i helseforetaket, frå LIS1 til ferdig spesialist, innanfor lokale, regionale og nasjonale krav og ønsker. For LIS 1 vil du i tillegg få ansvar for gjennomføring av introduksjonskurs og det faglege innhaldet i deira utdanningsløp i samarbeid med aktuelle avdelingar. I samarbeid med dei kliniske miljøa skal du sikre god fagleg kvalitet i dei respektive spesialiseringsløpa for LIS 2/3. Både regionalt og nasjonalt er det etablert jamnlege faste møtepunkt med utdanningskoordinerande overlegar i regionen og regionalt utdanningssenter som du vert inkludert i. Arbeidsstaden din kan vere alle sjukehusa i foretaket. Du må rekne med noko reiseverksemd i foretaket for å møte dei kliniske miljøa og leiarar, samt noko reise regionalt for møte med dei andre foretaka i vår region og samarbeid med Regionalt utdanningssenter. Du rapporterer til utdanningssjefen, men har ei fagleg linje også til medisinsk fagsjef og fagdirektør.Kvalifikasjonar
Du må vere overlege og spesialist med god kjennskap til spesialisthelsetenesta generelt og Helse Møre og Romsdal spesielt. Interesse, engasjement og formell kompetanse innan utdanning, rettleiing, pedagogikk og forsking vil vere ein fordel, men er ikkje eit krav.Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig, systematisk og har god munnleg og skriftleg formidlingsevne.
- Du er flink til å motivere, engasjere og inkludere kollegaer, og er ein god relasjonsbyggar med gode team- og samarbeidsevner.
- Personlege eigenskaper vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Størrelse på stillinga kan vere mellom 70-100% alt etter dine ønsker og moglegheiter.
- Moglegheit for kompetanseheving
- Engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø med samarbeid både med resten av fagavdelinga, leiargruppa, kliniske miljø i foretaket og regionale fora
- Konkurransedyktig løn
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Har du spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med:
Fagdirektør Erik Solligård Mob: 41452673
UKO Ingeborg Henriksen Epost: Ingeborg.henriksen@helse-mr.no
Kontaktinformasjon
Guro Berge, Utdanningssjef, 90513195, Guro.Berge@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4642816943
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2023
Søknadsfrist: 31.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323705163
- Sist endret