Off. godkjent sjukepleiar
Vartdal helsetun
- Frist 31.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ørsta kommune har ledig stilling for off. godkjent sjukepleiar ved Vartdal helsetun.
Vartdal helsetun er lokalisert ca.24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 26 plassar og administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen. Arbeidsmiljøprisen i Møre og Romsdal gjekk i 2021 til Vartdal helsetun.
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Relevant arbeidserfaring
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tek initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Rekrutteringstilskot med bindingstid på 2 år kan vere aktuelt å tilby nytilsette
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar.
Det kan vere aktuellt å gi bonus for å ta langvakter på helg
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Sara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar, 90035366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar omsorg og sjukeheim, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
6170 Vartdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4710500593
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323703600
- Sist endret