Inaktiv
Trivs du saman med små barn?
Askvoll kommune Røverompa barnehage
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Røverompa barnehage har frå snarast og ut barnehageåret 2023/24 ledig inntil 100% stilling som fagarbeider/assistent.
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk tilrettelagt arbeid med barna
- Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
- Medverke til eit godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag. Andre med relevant praksis kan også bli vurdert
- Norskkunnskap, jfr. krav i Barnehagelova §27
- Gjerne også språkkompetanse i ukrainsk
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som er
- leiken og open og likar faglege utfordringar
- har evna til å brette opp ermane og ta i eit tak når det er hektisk og samstundes roe heilt ned og vere anker for barna i deira aktivitet
- lagspelar og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- trivs i lag med små barn
- glad i å vere mykje ute i all slags vær.
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dersom det ikkje melder seg søkjar med fagbrev kan det bli aktuelt å tilsetje assistent mellombels for barnehageåret. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323599142
- Sist endret