Vil du vere med å gjere ein forskjell for barn i førskulealder?
Askvoll kommune Røverompa barnehage
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Røverompa barnehage har ledig inntil 100% stilling som pedagogisk leiar frå snarast og ut barnehageåret 2023/24. Stillinga er mellombels for barnehageåret, men kan seinare bli omgjort til fast tilsetjing.
Arbeidsoppgaver
- Pedagogisk leiing av avdelinga
- Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid
- Fylgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen
- Sikre barnehagen som ein god omsorgs- og læringsarena
- Følgje opp, og vere aktiv i kompetanseutviklinga i barnehagen
- Sikre eit godt samarbeid med barn, foreldre, personal og andre samarbeidspartnarar
- Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader
Kvalifikasjoner
- Godkjent utdanning som barnehagelærer (søkjarar som har utdanning fra utlandet må legge ved dokumentasjon på godkjent utdanning i Norge)
- Vidareutdanning i spesialpedagogikk vil vere av særleg interesse
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande krava i barnehagelova §28
- Meistre barnehagen sine digitale verktøy
- Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Denne skal ikkje legges ved søknaden, men må leverast snarast etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding
- I denne stillinga krevs det at du leverer eigenerklæring for tuberkulose før tiltreding
Personlege eigenskaper
- Du har barnet i sentrum, og er ein god rollemodell for barn og medarbeidarar
- Du er faglig oppdatert, og ein pådrivar i utviklingsarbeid
- Du er ein tydelig leiar, og samarbeider godt med andre
- Du kan jobbe sjølvstendig, og samtidig ha evnen til å jobbe i team
- Du er ansvarleg, engasjert, løysingsfokusert og reflektert
- Du er åpen for nytenking og har ferdigheter innan digitale verktøy
- Du er ein inspirator og motivator for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande kvardag i ein trygg og god barnehage
- Samarbeid med dyktige, og erfarne medarbeidarar
- Løn etter avtaleverket
- God pensjonsordning, og ulykkes- gruppe livsforsikring
- Ein barnehage som er opptatt av å gje medarbeidarar ansvar, tillit og høve til på påverke sin eigen kvardag
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng. Dersom det ikkje melder seg søkjar med barnehagelærarutdanning eller tilsvarande, kan det bli aktuelt å tilsetje fagarbeider/assistent mellombels for barnehageåret.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323599119
- Sist endret