Sjukepleiar - heimetenesta
Masfjorden kommune
- Frist 5.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Masfjorden kommune søker etter sjukepleiar i fast 100% stilling, med arbeidsstad for tida i heimetenesta
Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.
Masfjorden kommune er i gong med prosjektet TØRN der me ser på organisering og oppgåvefordeling i omsorgtenesta. Korleis med fordelar oppgåvene og nyttar helsefagarbeidaren sin kompetanse er ein viktig del i dette arbeidet.
Me ser etter ein sjukepleiar som
- har autorisasjon som sjukepleiar
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre
- har godt humør, er raus og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- kan delta i alle arbeidsoppgåver i avdelinga
- har førarkort klasse B
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B2
Me tilbyr
- Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer
- Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket + 30 000 kroner utover tariff og 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
- Betalt lunch frå 01.01.2024
Politiattest
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
Slik søkjer du
Lenke til søknadsskjema finn du på heimesida www.masfjorden.kommune.no. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, kontakt tenestetorget tlf 56166200.
Heimetenesta
Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323586487
- Sist endret