Miljøarbeidarar (deltid) for avlastningstilbod barn og unge
Barne- og familietenesta, Bømlo kommune
- Frist 25.10.2023
Avlastningstilbod til barn og unge i Bømlo kommune er i dag organisert i ein bustad i Bratthaugen og hos private avlastarar i Bømlo. Me utvidar no tilbodet til og å inkludere hybel og butrening for å få eit meir tilpassa og variert tilbod. Me søkjer difor etter miljøarbeidarar i deltidsstillingar. Sidan tilbodet er under utvikling og me pårekna turnusarbeid er me på jakt etter deg som kan arbeide i hovudsak helg og feriar. Arbeidet kan vere både dag, kveld og natt sett i turnus. Me oppmodar studentar til å søkje.
Avlastningsbustaden ligg driftsmessig under Barne- og familietenesta i kommunen. Bustaden er tilrettelagt for barn og ungdom med funksjonsnedsetting. Det viktigaste for oss som til dagleg arbeidar i bustaden, er å skapa tryggleik og trivsel for borna og ungdomane. Me ser etter deg som trivst i lag med barn og unge, og som kan fremja tryggleik, samt vera ein god omsorgsperson.
Arbeidsoppgåver
- Miljøretta arbeid for og med barn og unge med særskilte behov i avlastningstilbod
- Oppfølging av barn og samarbeid med andre for å sikre gode tilbod der barnet og ungdomen er i fokus
- Sikre trening i ADL dugleik og butrening alt etter barnet sin alder og moding
- Saman med barn og andre tilsette lage gode dagar med aktivitet og rutinar
- Noko reinhald og matlaging kan vere aktuelt
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev er ynskjeleg, eller at du er under utdanning
- Erfaring med å jobbe med menneske er er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
Personlege eigenskapar
- Du trivst ilag med barn og unge
- Du skapar gode relasjonar til andre
- Du er påliteleg og ansvarsfull
- Du er positiv, engasjert og interessert i barne- og ungdomsfaget
- Du er sjølvstendig og samarbeidar godt med andre
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar:
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Linda Hellen.
Kontaktinformasjon
Linda Hellen, Verksemdsleiar v/Barne og familietenesta, 909 61 702, Linda.Hellen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4717437587
Stillingsprosent: 35%
Engasjement
Startdato: 01.12.2023
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 25.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323473255
- Sist endret