Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?
Vindafjord kommune Ølen skule
- Frist 24.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Me søker:
Er du barne og ungdomsarbeidar/vernepleiar eller har anna relevant utdanning eller erfaring? Me treng ein person i 60 %, fast ved Ølen skule, stillinga er ledig frå snarast.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Ha medansvar for elev på 1.- 4. trinn
- Kan ha ansvar for å gjennomføre spesialpedagogisk opplegg for elev
- Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for elev
- Kan bli aktuelt å arbeide ved skulen sin SFO (skulefritidsordning)
- Anna arbeid kan bli relevant
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev eller anna utdanning som er retta inn barn og unge
- Anna relevant utdanning vil bli vurdert
- Det er ønskeleg med kompetanse og eller erfaring i Traumebevisst omsorg
- Spesialpedagogisk kompetanse eller erfaring
Personlege eigenskapar:
- Du må vera god på samarbeid
- Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
- Løysningsorientert
- Omsorgsfull, trygg og forutsigbar
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
- Ølen skule er 1- 10 skule med 280 elevar
- Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
- Ligg sentralt til i Ølen
- Me har eit aktivt og engasjert personale.
- Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323473005
- Sist endret