Er du vår nye lagspelar i heøse og omsorg? Sjå hit!
Lom Kommune
- Frist 6.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein person med:
klokskapen til ein 50 -- åring,
erfaringa til ein 40 -- åring,
drivkrafta til ein 30 -- åring,
ambisjonane til ein 20 -- åring.
Lom kommune har fokus på god utvikling av tenestene for å kunne møte utfordringar innan helse og omsorg i åra som kjem. Velferdsteknologi, oppfølging og utvikling av fagsystem er to viktige områder det er stort fokus på, og kommunen ynskjer vidare utvikling i.
Helse og omsorg søkjer etter merkantilkonsulent i 100 % fast stilling frå 01.09.23.
Merkantil stilling har ansvar for å koordinere drift (ferie og fråvær), og samordning av personalressursar for å bruke kompetanse der ein treng det mest. Ei naudsynt oppgåve for å møte framtidige utfordringar. Dette er ei spanande oppgåve i tenesta, som er særs viktig for pleie og omsorg. Du vil være bindeleddet mellom avdelingsleiarar, tilsette og løn. Hovudoppgåva vil vere å bidra til hensiktsmessig og effektiv bruk av ressursar i pleie og omsorg for å sikre optimal drift, turnusarbeid og systemoppfylging for sektoren. Ein stor del av arbeidsoppgåvene i stillinga vil vere å utføre merkantile oppgåver. Merkantile oppgåver vil og gjelde for helse og velferd. Digital transformasjon og endringsarbeid er avgjerande for tenestene i årene fremover, og den merkantile bør vere ein pådrivar for å finne bærekraftige løsninger.
Arbeidsoppgåver:
- Innleie, flåtestyring av personale
- Turnusarbeid
- Merkantile oppgåver
- Lønsarbeid
- Fagsystemutvikling/systemansvarleg
- Andre ordinære kontoroppgåver
Din arbeidsplass vil for tida vere i helse og omsorg, med kontorplass på Lom Helseheim. Din næraste leiar vil vere tenesteleiar pleie og omsorg. Du vil ha tett samarbeid med avdelingsleiarar og merkantil økonomi.
Kvalifikasjonar :
- Ynskjeleg med fagbrev eller 3-årig høgskuleutdanning hovudsak innanfor helse- og sosialområdet
- God kjennskap til fagsystem som Profil og Visma
- God norsk skriftleg/munnleg førestellingsevne
- God digital kompetanse og interesse for digital transformasjon
- Ynskjeleg med erfaring frå kommunal sektor innanfor helse- og sosialområde
- Bred og relevant erfaring kan kompensere for utdanning
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- Evne til å prioritere arbeidsoppgåver
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og løysingsfokusert
- Operativ og nøyaktig
- God veiledningsevne
- At du er serviceinnstilt
- Stor arbeidskapasitet
- Personleg eigna
Meir informasjon
Nærare informasjon om stillinga får du hjå tenesteleiar pleie og omsorg Tonje Barkenæs Eggen, tlf: 916 86 342
Søknad
Namn på søkjar vil bli gjort offentleg.
Søknadsfrist: 06.11.2023
- Kommunale tilsetjingsvilkår
- Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg
- Det er krav om godkjend politiattest av nyare dato
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323418966
- Sist endret