Rektor/Einingsleiar
Folkestad skule
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Folkestad skule er ein 1.-7. skule med om lag 120 elever. På skulens SFO, som har eiga leiar, er det om lag 30 barn.
Skulen ligg i eit skogsområde ved Oterholt med kort veg til flotte uteområder. Skulegarden er under renovering og har ein nyetablera skulehage. Skulen ligg om lag 3 km frå Bø sentrum og 2 km frå Bø Sommarland.
Kommunen jobbar utviklingsretta og er med på satsingane frå Udir.
Arbeidsoppgåver
Midt-Telemark kommune er ein sektor-inndelt kommune og stillinga ligg under kommunalsjef for oppvekst. Som einingsleiar og skulens øvste leiar, har rektor eit overordna totalansvar for skulen.
Dette inneber blant anna:
- Totalansvar for verksemda inkludert personal og budsjettansvar
- Vidareutvikle eit trygt, varmt og inkluderande læringsmiljø
- Sikre god elevmedverknad, samt eit godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
- Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i tråd med LK20 som bidreg til å auke læringsutbyttet for kvar einskild elev
- Leie og vidareutvikle skulen sitt profesjonsfelleskap
- Motivere for eit godt pedagogisk læringsmiljø med fokus på maksimalt læringsutbytte for elevane
- Bidra i tverrfagleg samarbeid, med særleg fokus på førebygging og tidleg innsats
- Aktiv deltaking i kommunen si leiargruppe
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning og undervisningserfaring
Ønska kompetanse
- Ynskje om erfaring som rektor eller assisterande rektor
- Erfaring frå leiing og utvikling av kompetanseorganisasjonar, gjerne pedagogisk verksemd
- Kunnskap om skoleutvikling, evne til nytenkning og gjennomføringsevne
- God økonomiforståing
- God på personalleiing og kunnskap om arbeidsmiljø
- Leiarkompetanse og leiarstil som motiverer og skaper oppslutning om mål og retning
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 10-9, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter en strukturert leiar som kan utvikle skulen vidare.
- God relasjonskompetanse
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å motivere, stille krav og gje konstruktive tilbakemeldingar
- Evne til å arbeide strategisk for å oppnå felles mål og til å leie inkluderande prosessar
Personleg egnaheit vil vektleggast
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Ei spennande stilling der du vil bety ein forskjell
- Varierte og spanande utfordringar
- Engasjerte medarbeidarar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Pia Groven-Robertsen, kommunalsjef oppvekst, +47 91627820Arbeidsstad
Eikavegen 613804 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4717044355
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2024
Søknadsfrist: 23.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323393470
- Sist endret