Helsefagarbeidar
Bemanningssenteret, Helse Førde
- Frist 24.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ser du etter 100% fast stilling som helsefagarbeidar med mogelegheit til å påvirke din eigen turnus?
Bemanningssenteret i Helse Førde har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar frå 02.01.2024 eller etter avtale.
Vi formidlar pleiepersonell til helseforetaket sine poliklinikkar og sengepostar innan både psykiatri og somatikk ved kortare og lengre fråvær.
Som helsefagarbeidar i Bemanningssenteret, vil du arbeide med fleire avdelingar og ulike pasientgrupper, noko som vil gje deg ein unik mogelegheit til å utvikle ein brei og allsidig fagkompetanse.
Du vil få opplæring i 1-4 avdelingar som du skal jobbe på og tilgang på eit mangfald av kollegaer som hjelpe deg å lukkast. Du vil få opplæring tilpassa dine behov samt vere med på å utarbeide eigen turnusplan. Vi tilbyr eit tillegg på kr 34.000,- som særavtale for tilsette i Bemanningssenteret.
For meir informasjon om Helse Førde - sjå her.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre grunnleggande pleie til pasientar innan fleire fagfelt ved ulike avdelingar (poliklinikk og sengepost)
- Pasientadministrativt arbeid
- Dekke bemanningsbehov for kortare eller lengre periodar
- Vere ein del av arbeidsfellesskapet i seksjonane
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert helsefagarbeidar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team, og at du kan kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkuderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige for oss
Vi tilbyr
- Fleksibilitetstillegg kr 34.000,- pr år i 100 % stilling , tillegget blir redusert ved lågare stillingsandel
- Ein utfordrande og variert jobb
- Nært samarbeid med andre faggrupper og fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Internundervisning, fagdagar, rettleiing og refleksjonsarenaer
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Mette-Lise Sørland, Seksjonsleiar, +47 578 31546Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4718301013
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323308434
- Sist endret