Er du vår nye kollega
Hjelmeland kommune Organisasjon, HR og beredskap
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Hjelmeland kommune trenger ein serviceinnstilt konsulent innan HR faget som liker å jobbe med eit bredt spekter av HR oppgåver. Stillinga er 100% fast og er lagt til avdelinga Organisasjon, HR og beredskap, avdelinga har som oppgåve å bidra til at medarbeidarar og leiarar utvikler seg, trives og opplever ein motiverande arbeidskvardag.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- saksbehandling innan HR faget
- ajourhold av personalarkiv
- utvikling av rutinar og arbeidsprosedyrer
- lønskjøring frå A til Å
- ajourhold av løns- og stillingsdata i løns- og personalsystemet
- delta i implementering av nye prosessar og rutinar innan lønsområde
- fråvær og refusjonsbehandling
- rekruttering og utlysing av stillingar
- fagstøtte for seksjonsleiarar innan personalforvaltning
- administrering av medarbeidarundersøkelser
- myndighetsrapportering og avstemming
Hjelmeland kommune bruker Visma enterprise som løns- og personalsystem og nyttar Websak som
sak/arkivsystem. Dette utgjer dei to viktigaste fagsystema innan HR
Me søkjer etter ein person som har
- utdanning frå høgskule tilsvarande bachelornivå, innan aktuelle fag som administrasjon, personal og økonomi
- relevant arbeidserfaring innan HR faget
- relevant arbeidserfaring av omfang kan kompensere for manglande utdanning
- kjennskap til lov og avtaleverk innan kommunal sektor
- gode IKT-kunnskaper, og ønskje om å vidareutvikle desse
- gode norskspråklege kunnskaper både skriftleg og munnleg
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323295037
- Sist endret