Inaktiv
Assistent eller barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage
Fjord kommune
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Fjord kommune har ledig eit 100 % vikariat frå 01.11.2023 - 31.07.2024.
Syltebøen barnehage ligg sentralt til i bygda Valldal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen har pr. i dag 14 tilsette (assistent, barne- og ungdomsarbeidarar, ped.leiarar og styrar) fordelt på 56 barn.
Barnehagen har fire avdelingar - Ormula (0 - 3 år), Valldøla (0 - 3 år), Syltefjellet (2 - 5 år) og Martin Linge-Huset (4 - 6 år). Den fjerde avdelinga er nyoppretta og er kun gjeldande for barnehageåret 2023 - 2024.
Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Alle barn i barnehagen skal oppleve tryggleik og inkludering og barna skal verte lytta til og takast på alvor.
- Barna skal oppleve barnehagen trygg og inkluderende.
- Barna skal oppleve vennskap og samhald.
- Barna skal lære seg å ha respekt for kvarandre, og verdsette dei likheiter og ulikheiter som finst i barnehagen
Søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
- Medansvar i arbeidet med HMS
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
- Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
- Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre.
- Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt.
- Du har positiv innstilling og godt humør
- Du har god digital kompetanse
- Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Lønn i samsvar med avtaleverk
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot
Kontaktinformasjon
Torill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, 41867881, torill.brastad@fjord.kommune.noArbeidsstad
Olavsgata 206210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 4717418815
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2023
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323272840
- Sist endret