Nissedal vaksenopplæring har ledig 80% vikariat lærarstilling
Nissedal kommune
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Nissedal vaksenopplæring har ledig:
-80% vikariat lærarstilling frå 01.10.23 til 31.12.23, deretter 60% frå 01.01.24-31.07.24
Id 2023/1130
Arbeidsoppgåver:
• Undervisning i norsk som andre språk, og samfunnskunnskap for innvandrarar etter gjeldane lærarplanar
• Vaksenopplæring på grunnskulens område, inkludert spesialundervising
• Administrativt arbeid rundt deltakarar som fråværsføring, utarbeiding og evaluering av planar mm.
• Samarbeid med andre instansar, som for eksempel integreringstenesta og språkpraksisplassar
Kvalifikasjonar:
• Godkjent lærarutdanning
• 30 stp. i norsk som andre språk er eit krav, jf ny integreringslov
• Kunnskap om lærarplanverk som høyrer til vaksenopplæringa
• Erfaring frå undervisning i norsk og samfunnskunnskap for vaksne er ein fordel
• Anna undervisningskompetanse i norsk og samfunnsfag kan bli vurdert dersom vi ikkje får søkarar som fyller kompetansekravet over
Personlege eigenskapar:
• Du har motivasjon og engasjement for å arbeide med menneske
• Du trivast med å arbeide i team, men også sjølvstendig
• Du er løysingsorientert, har god fleksibilitet og er motivert for varierte arbeidsoppgåver
• Du er god på relasjonsbygging
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi kan tilby:
• Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
• Spennande arbeidsoppgåver
Anna:
• Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
• Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftsspråk
• Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
• Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25
• Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
• Ved behov kan stillinga bli omplassert til grunnskulen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323272754
- Sist endret