Avdelingsleiar
Helse- og omsorgsetaten
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Kan du tenkje deg å bli ein del av Eining 5 sitt leiarteam og jobbe med oppfølging og rettleiing av tilsette og administrative oppgåver?
Vi har ledig 100 % stilling som avdelingsleiar og søkjer no etter den rette til jobben.
Eining 5 består av Holsekerdalen 22, dette er omsorgsbustadar for menneske med funksjonsnedsetting, Holsekerdalen 24 aktivitetssenter og barneavlastning.
Omsorgsetaten i Ulstein jobbar aktivt i å bruke digitale løysningar
Vi vil det beste for innbyggarane i Ulstein. Vi satsar på digital teknologi og heimebasert omsorg som kan hjelpe både oss og innbyggarane til ein enklare kvardag. Vi samarbeider på tvers av avdelingane og spelar kvarandre gode, for å gi så gode tenester som mogleg. Slik skaper vi ein arbeidsplass med dyktige, effektive og motiverte tilsette. Slik skaper vi trivsel, meistring og tryggleik for dei som treng oss. I Ulstein skal det vere godt å leve heile livet.
Leiargruppa (einingsleiar og 2 avdelingsleiarar), har ansvar for Holsekerdalen si utvikling og drift. Einingsleiar fordeler faglege og administrative arbeidsoppgåver ut frå avdelingsleiarane sin kompetanse, erfaring og interessefelt.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg leiaransvar
- Ta initiativ, samarbeide og følgje opp personale i Eining 5
- Samarbeide med brukarar, tilsette, føresette og andre for å skape trygge, gode og verdifulle dagar
- Delaktig i utarbeiding av turnus
- Dagleg drift som til dømes, vaktinnleige og generelle administrative oppgåver
- Fylgje opp individuelle planar, tiltaksplanar med meir
- Rettleiing
- Dynamiske oppgåver delegert av einingsleiar
Kvalifikasjonar
- Bachelor innan Helse- og sosialfagleg utdanning
- Erfaring frå miljøarbeid
- Erfaring med Helse og omsorgstenestelova kap. 9 er ynskeleg
- Evne til å skape motivasjon og engasjement i avdelingane
- Evne til å arbeide sjølvstendig
Personlege eigenskapar
- Du jobbar smart og ler lett
- Du har teamleiaren i deg og utøver tydeleg leiing gjennom å balansere styring og medverknad
- Du etablerer tillitsfulle relasjonar og byggjer fellesskap, herunder profesjonsfellesskap og organisasjonskultur
- Som audmjuk lagspelar engasjerer, motiverer og inspirerer du brukarar og kollegaer, samtidig som du har handlekraft og gjennomføringsevne ved å vere trygg, tydeleg, sjølvstendig og modig
- Du identifiserer deg med Ulstein kommune sine verdiar nyskaping, omsorg, rausheit, mangfald
- Du tek initiativ, er løysingsorientert, uthaldande og proaktiv og handterer fleire arbeidsoppgåver samtidig i ein hektisk kvardag
- Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- - Eit variert og utfordrande jobb med mange spennende arbeidsoppgåver
- Regulert løns- og avtalevilkår
- Eit godt tverrfagleg miljø med mange dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Mogelegheit for kompetanseheving og kursing
Kontaktinformasjon
Aase Djupvik, Einingsleiar 5, 48168222Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetatenReferansenr.: 4711140064
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323255008
- Sist endret