Grunnskulelærar
Oppveksteininga - Kvam ungdomsskule
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Er du vår nye grunnskulelærar?
Me søkjer etter ein lærar i vikarstilling i 100 % frå snarast og ut skuleåret
Kvam ungdomsskule ligg i Øystese og har 260 elevar. På skulen er det i alt 43 tilsette.
Til vikariatet søkjer me pedagog, med relevant og godkjent pedagogisk utdanning, knytt til undervisning i ungdomsskulen. Aktuelle fag knytt til vikariatet kan vera: norsk, kunst og handverk og musikk. Andre fag og andre med relevant arbeidserfaring og/eller utdanning kan også verta vurdert.
Kvammaskulen skal vera ein god stad å læra og ein god stad å vera, og me har fokus på godt og trygt skulemiljø for alle.
Klasseleiing, positivt elevsyn og relasjonsbygging er fokusområde i Kvammaskulen. Vårt elevsyn er at born gjer så godt dei kan, og at born ikkje er vanskelege, men kan ha det vanskeleg. Kompetanseheving og fagleg satsing skuleåret 23/24 er oppfølgingsordninga med fokus på ordinær undervisning og skulemiljø.
Arbeidsoppgåver
- undervisa i faga i grunnskulen
- planlegga, gjennomføra og evaluera undervisning i tråd med opplæringslova og gjeldande forskrifter
- deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk utdanning for grunnskulen jf. forskrift til opplæringslova § 14-1. Andre med relevant arbeidserfaring og/eller utdanning kan også verta vurdert.
- gode relasjons- og samarbeidsevner
- erfaring med undervisning i ungdomsskulen er ein føremon
Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar som:
- evne til å planlegga, gjennomføra og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
- vera ein klar og tydeleg klasseleiar
- gode samarbeidsevner
- god kommunikasjonsevne, relasjonelt, skriftleg og munnleg
- fleksibel og engasjert
- varm og tydeleg
- kan arbeida strukturert og systematisk
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og teamkultur
- systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
- spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Kari Ljones, Rektor Kvam ungdomsskule, 480 30 068Arbeidsstad
Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4716941994
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323241118
- Sist endret