ID 869 Personal- og organisasjonssjef
Fitjar Kommune
- Frist 3.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Fitjar kommune søkjer personal- og organisasjonssjef. Du arbeider nært innpå både dei tilsette og den politiske leiinga, rapporterer direkte til kommunaldirektøren. Dei siste åra har tilsvarande stilling hatt toppleiaransvaret når kommunedirektøren ikkje er til stades.
Personal- og organisasjonssjefen blir næraste leiar for medarbeidarar som arbeider med HR og organisasjonsutvikling, kundetorget, IKT og arkiv. Personal- og organisasjonssjefen og avdelinga skal vere ei solid støtte og rådgjevar for kommunen sine leiarar, samt ein aktiv pådrivar for heilskapstenking, digitalisering og organisasjonsutvikling i kommunen.
Aktuelle arbeidsoppgåver vil vera:
- Arbeide med personal, kompetanse- og organisasjonsutvikling i organisasjonen
- Vere ein pådrivar for ein tett og konstruktiv relasjon til kommunen sine leiarar og tillitsvalde
- Utvikle eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Sikre profesjonell og effektiv personalforvaltning
- Legge til rette for og følge opp politiske mål, strategier og planar
- Vere pådrivar for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk, lønnspolitikk og andre overordna retningslinjer og planar innanfor HR-området
- Leie forhandlingar og drøftingar med leiarar og tillitsvalde saman med kommunedirektøren
- Budsjettansvar for kundetorget, IKT- og personalavdelinga
- Overordna HMT-ansvar
- Rettleie og støtte leiarar i HR-relaterte spørsmål
- Ev. avløysar for kommunaldirektøren
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning på masternivå, som HR, organisasjonspsykologi, kvalitetsleiing eller tilsvarande. Lang realkompetanse kan kompensera for manglande formell utdanning.
- Kan vise til gode resultat som leiar eller spesialist, fortrinnsvis frå organisasjonsutvikling og HR-relaterte fagområde
- Erfaring med endrings- og omstillingsprosessar
- Solid kompetanse på arbeidslivsjuss, lov- og avtaleverk
- Strukturert og ryddig, initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner-- munnleg og skriftleg
- Kapasitet til å byggja gode relasjonar og samarbeida med andre.
- Sjølvstendig og effektiv, med fagleg integritet
- God digital dugleik
Personlege eigenskapar:
- Utviklings- og resultatorientert
- Gode samarbeids- og relasjonelle evner
- Løysingsorientert, systematisk og målorientert
- Evne til å oppnå resultat gjennom andre og til å inspirere og motivere
- Kan legge til rette og leie fleirfagleg arbeid på tvers av ansvarsområde
- Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø
- Utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
- Ei spennande stilling i organisasjonen med viktige og meningsfylte oppgåver
- Stor variasjon i arbeidsoppgåvene med varierte arbeidsdagar
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Har du spørsmål knytt til stillinga kan du ta kontakt med Gjermund Hagesæter, tlf. 934 20 679 e-post gjehag@fitjar.kommune.no
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322870499
- Sist endret