Er du vår nye IPS jobbspesialist?
NAV Årstad, IPS Bergen - region Bergen
- Frist 19.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi i IPS Bergen søker en motivert jobbspesialist med stort pågangsmot som vil jobbe i eit pulserande og
nyskapande miljø. Har du gode kommunikasjonsferdigheiter og er ein
nettverksbyggjar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein person som kan vera
tydeleg og direkte? Er du energisk og uredd? Då kan du vera akkurat
den personen vi leitar etter.
IPS Bergen har ledig ein fast stilling som IPS-jobbspesialist. Individuell jobbstøtte (IPS) er en
modell/metode for tett oppfølging av personer med psykiske lidingar
som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med
arbeidsretta bistand. Målet er å legge til rette for at menneske med
samansette utfordringar skal få, og også behalde og stå i ordinær
utdanning og/eller lønna arbeid.
IPS Bergen består av 16 jobbspesialistar som er tilsett i NAV. I tillegg er det
jobbspesialistar som er tilsett i Bergen kommune, som også er ein del av
fagmiljøet. Du vil ha kontorstad på ein av våre DPS når du ikkje er ute i møter
eller på jobbutvikling. Det er stort engasjement i avdelinga og ein er
opptatt av nå måla som er sett.
Om du blir motivert av å jobba med menneske, har trua på at alle menneske trass i fysiske eller psykiske
utfordringar kan ta utdanning og/eller få og behalde ein vanleg jobb. Om du
ønsker å bidra på eit svært viktig samfunnsområde, kan denne stillinga vere noko for deg.
Dine personlege eigenskapar og erfaring frå IPS/SE vil bli vektlagt og i søknadsteksten ber vi deg sei noko om kva som
motiverer deg til å søke på denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
Du skal nytte IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, NAV og studiestad/arbeidsgjevarar. Dette inneber at du skal:
- oppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skapa dialog og bygge nettverk
- vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)
- følge opp eigen portefølje på inntil 20 deltakarar og identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning/jobbar
- rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen
- engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestad, arbeidsgivar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar
- bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
- dokumentere arbeidet
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- god data teknisk forståing slik at du klarer å handtere ulike fagsystem
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- erfaring med IPS/SE eller god kjennskap til prinsippa i IPS
Det er ønskeleg at du har:
- erfaring frå å jobbe med unge menneske og utdanning
- kunnskap om utdanningsmoglegheiter, lokal og regional arbeidsmarknad
- vilje til oppsøkjande verksemd og nettverksbygging
- erfaring frå inkluderande arbeid/rekrutteringsarbeid eller frå sal/service
- god rettleiingskompetanse og/eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar
Personlege eigenskapar
Det er viktig at du har trua på at alle menneske kan få og behandle ein vanleg jobb til tross for psykiske helseproblem, kulturell bakgrunn eller andre utfordringar.
Vi ser etter deg som:
- er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar
- er god til å motivere og inspirere
- kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
- trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat
- er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon
Vi tilbyr
- Moglegheit til å utgjera ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag.
- Spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- Eit godt fagmiljø, oppteken av tenesteutvikling og ambisiøse mål
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Gode og inkluderande kollegaer
- Trening i arbeidstida
- Eit godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempo
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
- Stillingskode 1434 Rådgjevar i lønnsspenn frå kr. 540 500 til kr. 604 900,- per år. For særskilde kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
Kontaktinformasjon
Aina Steinsland, Avdelingsleiar, 913 64 345, aina.merete.steinsland@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 65009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4716763697
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322831612
- Sist endret