Ledige stillingar i avdeling for inkludering og mangfald
Oppvekst og kulturetaten
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ulstein kommune har busett mange flyktningar frå Ukraina. Eininga «Inkludering og mangfald i Ulstein» (IMU) er ansvarleg for å busette og kvalifisere flyktningar i kommunen. Eininga yter også tenester til Sande kommune. IMU arbeider for å styrke flyktningane sine mogelegheiter til å bli sjølvstendige og aktive deltakarar i samfunnet. Det er ei prioritert oppgåve å jobbe for at så mange som mogleg av dei som vert busette går ut i lønna arbeid.
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har tildelt Ulstein kommune prosjektmidlar til utvikling av spissa kvalifiseringsløp for busette flyktningar. I samband med dette treng vi ein prosjektleiar. I tillegg treng vi ein rådgivar/sakshandsamar som skal jobbe med tenesteutvikling, systemarbeid og sakshandsaming i knytt til integreringsarbeidet i Ulstein kommune. Begge stillingane vil i noko grad yte tenester direkte til tenestemottakarar.
Stillinga som rådgjevar/sakshandsamar er fast, medan prosjektleiarstillinga er engasjement på 3 år. Innhaldet i stillingane vil bli sett i samanheng. Søkarar vert vurdert for begge stillingane. Arbeidsoppgåvene under er aktuelle i begge, men vil bli vekta ulikt i dei to stillingane. Spesifiser gjerne i søknadsteksten om ei av stillingane er særleg aktuell.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsoppgåver for begge stillingane:
- Prosjektleiing og koordinering
- Utvikle innhald, metode og modellar for kvalifiseringsløp for busette flyktningar, i samarbeid med andre involverte partar
- Prosjektrapportering og utarbeiding av prosjektdokumentasjon i samsvar med tildeling frå IMDi
- Samarbeid med, og rettleiing av deltakarar i introduksjonsprogrammet
- Utvikle og styrke samarbeid med arbeidsgjevarar, NAV og andre instansar
- Sakshandsaming, systemarbeid og utvikling av rutinar knytt integreringsfeltet i Ulstein kommune
- Arbeid med finansiering og tilskot i integreringsfeltet
- Målretta samarbeid med flyktningane for at dei skal nå mål om arbeid eller utdanning
- Undervisning og rettleiing av grupper
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskulenivå
- Erfaring frå sakshandsaming og prosjektleiing
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner (norsk og engelsk), og gode evner til å kommunisere med grupper
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God økonomi- og talforståelse
Personlege eigenskapar
- Evne til å finne gode løysingar saman med andre
- Evne og motivasjon til å jobbe systematisk over tid
- Evne til å jobbe målretta, effektivt og sjølvstendig
- Utviklingsorientert
- Evne til å jobbe godt under press og stadige endringar
Vi tilbyr
- Meiningsfylte oppgåver
- Lønn etter kvalifikasjonar
- God pensjonsordning
- Dyktige og kjekke kollegaer
Kontaktinformasjon
Lars Erling Bjåstad Hovlid, Leiar, Inkludering og mangfald, +47 91635277Arbeidsstad
Reiten6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetatenReferansenr.: 4717518361
Stillingsprosent: 100%
Fast, Engasjement
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322831387
- Sist endret