Fastlegar/ALIS
Legetenesta, Bømlo kommune
- Frist 31.12.2023
Har du lyst til å oppleve Vestlandet?
Bømlo kommune søkjer etter fastlegar og ser etter deg med engasjement og interesse for faget allmennmedisin.
Legetenesta i kommunen har tre ledige faste stillingar som fastlege/ALIS i tillegg til eit ledig vikariat som fastlege.
Kommunen tilbyr fast løn eller næringsdrift med kommunal leigeavtale.
Klikk her for meir informasjon om Bømlo og legetenesta i kommunen vår.
Meir om stillingane:
- Me har ledig fastlegevikariat for eit år med tiltreding 01.01.2024. Stillinga tilhøyrer Moster legekontor med utekontor to dagar pr. veke v/ Bømlo legekontor.
- Me har to ledige stillingar som fastlege ved to av våre legekontor, Bremnes legesenter og Kystlegane.
- Bømlo kommune har nyleg etablert Bømlo Mottak i Rubbestadneset, eit mottak for asylsøkjarar og flyktningar. Kommunen har oppretta ein ledig stilling knytt til mottaket i kombinasjon med fastlegestilling. Stillinga er ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver og ansvar som fastlege i tråd med lover, forskrifter og avtaleverk
- Kommunale oppgåver etter nærare avtale
- Pliktig deltaking med omlag 3 vakter pr. månad ved Sunnhordland interkommunale legevakt, lokalisert i eige legevaktsbygg ved Stord sjukehus. Legevakta er døgnbemanna med sjukepleiar.
Me ynskjer å vere fleksible i høve tilrettelegging av dei praktiske sidene ved arbeidsforholdet slik at det best mogleg vert tilpassa din situasjon.
Kvalifikasjonar
- Embetseksamen i medisin med norsk autorisasjon som lege
- Godkjend norsk LIS1. For fast stilling er det krav om fullført LIS1. Nyutdanna legar med lisens kan og søkja og bli vurdert for mellombels tilsetting inntil 1 år.
- Gode IT-kunnskapar; evne til å læra nye journalsystem raskt
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse
- Evne og vilje til samarbeid både internt med kollega og overfor andre samarbeidsaktørar
- Systematisk og sjølvstendig
- God evne til refleksjon rundt fag og pasientmøter
- Positiv, fleksibel og påliteleg
Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt.
Me tilbyr
- Spanande arbeidskvardag med moglegheit for allsidig erfaring og kompetanse innan feltet allmennmedisin
- ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin: God vegleiing frå spesialist, fri til naudsynte kurs og dekking av kursutgift. Kommunen har avtale med Helse Fonna om teneste i spesialisthelsetenesta som del av spesialiseringa.
- Moglegheit for overgang til næringsdrift etter fullført spesialisering
- Løn og andre vilkår etter avtale
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
- God barnehagedekning i kommunen
Andre opplysingar:
- Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato etter Helse og omsorgstenesteloven §5-4
- Ein må oppgje HPR-nr. i søknad
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga ta kontakt med verksemdsleiar Monica Tofte Amundsen for ein uforpliktande samtale.
Kontaktinformasjon
Monica Tofte Amundsen, Verksemdsleiar v/Legetenesta, 402 24 040, Monica.Tofte.Amundsen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4713850723
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322823841
- Sist endret